fredag 23. januar 2009

Bolstad: Store krav til kommunane


PORTEN Jon Bolstad meiner den nye helsereforma vil setje store krav til kommunane.
Dette kom fram då adminIstrerande direktør i Helse Førde snakka om framtidige utfordringar for Lærdal sjukehus på miniseminaret torsdag. I fjor haust sette helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hansen ned ei ekspertgruppe for å utvikle ei ny helsereform. Sentralt i arbeidet er å få på plass ei mykje betre samhandling mellom kommunar og sjukehus for å redusere sjukehuskøen og talet på korridorpasientar. Den nye reforma skal vere klar i løpet av våren.

-Dette er eg sikker på vert ei omstilling som vil setje store krav til kommunane. Ser ein på helsepyramiden skal 90 prosent få hjelp av kommunane, og 10 prosent av sjukehusa, av dei siste er ein prosent akutthjelp. Eg er difor ikkje i tvil om at kommunehelsetenesta generelt er forsømd, sa Jon Bolstad.

Auka aktivitet
Bolstad snakka om endringsprosessar i Helse Førde generelt og ved Lærdal sjukehus spesielt. Talmateriale viser at talet på heildøgnpasientar går ned, medan dagpasientar viser ei oppadgåande kurve. Noko som er bra.
-Aktiviteten i Lærdal har auka, i perioden 2006-2009 har ein her dobla talet dagpasientar, sa Bolstad. Sjukehuset har i dag 170 årsverk og om lag 200 tilsette.

Bolstad tok føre seg endringar i sjukdomsbilete der psykiske lidingar, rus, kreft, diabetes, kols, astma og demens synte ein aukande tendens, medan til dømes hjarteinfarkt har ei dalande kurve. Dette i tillegg til at talet på eldre pasientar stadig aukar er ei utfordring i seg sjølv.

Når det galdt fødetilbodet ved Lærdal sjukehus ville ikkje direktøren seie mykje.
-Om nokre få veker kjem det ei melding om fødselsomsorg i Norge. Det trur eg blir spennande lesning opp mot den forsterka fødestova, var Bolstad sin korte kommentar.

• Les resten av saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar