tirsdag 13. januar 2009

Øgar: – Jobb for større legevaktdistrikt


FIRDA Fylkeslege Petter Øgar er sterkt uroa over fastlegesituasjonen i fylket.

– Det er bekymringsfulle tal vi har funne fram til, seier Øgar, etter at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane utførte ei kartlegging av stoda.
– Utgangspunktet var statistikken som Nav har offentleggjort. På deira statistikk kjem det berre fram talet på lister utan lege. Vi ønskte å sjå om desse tala gav eit rett bilete av situasjonen, seier Øgar.

Fire av 111 er ledige
Ifølgje Nav sin statistikk var det per 30.09.08 tre lister som ikkje hadde fastlege, eit tal som ikkje er så verst når ein samanliknar med 31.12.01 då det var 19 lister utan fastlege.
Men den langt grundigare undersøkinga til Fylkesmannen gav meir foruroligande svar.
- Fire av i alt 111 fastlegeheimlar er heilt ledige, og 19 prosent av heimlane er dekte av vikar.
- 75 prosent av legane har vore i kommunen i meir enn to år.
- 26 prosent av legane er over 55 år, og 22 prosent av legane har vaktfritak.
- 11 av 26 kommunar (42 prosent) opplever at situasjonen kring rekruttering og stabilitet av fastlegane er vanskeleg eller ei stor utfordring.

Mange med vaktfritak
– Det er spesielt det siste punktet som uroar oss. Når nær halvparten av kommunane opplever det som ei utfordring å rekruttere og sikre stabilitet av fastlegar, då er det eit varsku, seier Øgar.

At ein fjerdedel er over 55 år, og nesten like mange har vaktfritak, uroar han også.
– I 2004 fekk vi utført ei grundig spørjeundersøking av Høgskulen i Sogn og Fjordane. Der var det spesielt to punkt som skilde seg ut i forhold til å sikre rekruttering og stabilitet. For det første at dei opplever ei god turnusteneste og at dei er med i vaktordningar utan for hyppig vakt, seier Øgar, og legg til at innstillinga til å gå vakter har endra seg.

• Les heile saka i Firda ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar