søndag 4. januar 2009

Vil drøfta framtida til sjukehuset


SOGN AVIS Kommunestyret møter leiinga i Helse Førde.

Ordførar Arne Sanden har invitert leiinga i Helse Førde til eit møte med kommunestyret den 22 januar.
– Først og fremst vil me ha administrerande direktør Jon Bolstad og hans medarbeidarar i tale. Men styreleiar Clara Øberg er sjølvsagt også invitert, og eg håpar at både ho og andre i styret kjem hit den 22. januar, seier ordførar Arne Sanden.

– Går godt
Sanden understrekar at det ikkje er noko kriseprega møte han og dei andre folkevalde legg opp til, når dei får føretaksleiinga i tale om knappe tre veker. Snarare er møtet tenkt for å gjera eit veldrive sjukehus enda betre.
– I den grad ein kan seia at eit sjukehus går godt, så gjer Lærdal sjukehus det. Frå dei tilsette si side vert det sagt at dette mellom anna skuldast at det den siste tida har vore ro rundt drifta av sjukehuset, seier ordføraren.
Også dei tørre tala frå statistikkane fortel at sjukehuset er i framgang. Ved ortopediavdelinga vart det i fjor utført over 800 proteseinngrep, godt over 100 fleire enn året før. Også ved føden er det auke; 104 fødslar vart loggført i 2008, 20 fleire enn året før.

– Det har vore sagt at dersom føden får tilbake status som fødeavdeling, vil talet på fødslar der kunne doblast. Kjem de til å ta opp denne problemstillinga i møtet med Helse Førde?
– Det blir nok lufta, for det er ei kjensgjerning at ei fødeavdeling er eit betre tilbod. Det viktigaste er at kvinnene i Indre Sogn har eit trygt og godt fødetilbod, og utviklinga dei siste par åra tyder på at tilliten til føden i Lærdal har teke seg opp att, etter uvissa som var rundt dette tilbodet for nokre år sidan.

• Les sake i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar