tirsdag 10. mars 2009

Årsmelding for pasientombodet i Sogn og Fjordane


FORORD: Årsmeldinga formidlar synspunkt frå 220 personar.
Dette er dermed synspunkt frå eit lite tal pasientar, og dei fortel om uheldige hendingar eller misnøye. Synspunkta i årsmeldinga er altså ikkje representativ for alle pasientar, men er eit unikt høve for helsearbeidarar og andre til å sjå helsevesenet "frå den andre sida" i dei tilfella pasientar og pårørande opplever at møtet med helsearbeidaren ikkje blir bra.

Årsmeldinga speglar pasientane sitt syn, og i dei fleste tilfella har ombodet berre pasientane sin versjon av det som har skjedd.

Helsevesenet yter tenester i stort omfang. Berre på dei medisinske og kirurgiske poliklinikkane i fylket vart det utført over 100 000 konsultasjonar i 2008 (Kjelde: Helse Førde si årlege melding). Dei fleste pasientane er fornøgde med helsetenestene dei får, og det gjeld for både somatikk og psykisk helsevern. Dette veit ein frå regelmessige målingar av brukarerfaringar, som vert offentleggjort i dei såkalla PasOpp-rapportane til Kunnskapssenteret. Rapportane synleggjer også at helsevesenet har potensiale til å bli endå betre, noko som forhåpentlegvis blir brukt til å rette innsatsen mot områda der behova og potensialet er størst.
Pasientar generelt har altså stor tillit til helsevesenet. Dersom pasientar med uheldige erfaringar blir gitt tid og forståing - og tilbakemeldingar og konklusjonar skjer ope og ærleg - så er det mi erfaring at helsepersonell opprettheld denne tillita.

• Klikk her eller på overskrifta for å lese heile årsmeldinga

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar