lørdag 30. mai 2009

Helse Førde treng 100 millionar


NRK SOGN OG FJORDANE Helse Førde treng ekstra skjønsmidlar frå Helse Vest på ein storleik nær 100 millionar kroner, seier styreleiar Clara Øberg.

Helse Førde-styret godkjende i dag Helse Vest sitt framlegg til ny finansieringsmodell, med eit klart vilkår om at dei må få mange millionar utanom dei vanlege løyvingane.
– Vi reknar med at vi vil få eit så stort skjønstilskot at det vil rette på ein del av dei ulempene vi har.

– Er det realistisk å håpe på nærare 100 millionar kroner ?
- Ja, eg trur at våre eigarar ser kva vi har å slite med her. Så det trur eg vi får forståing for.

– Uspiseleg
Helse Vest sin nye finansieringsmodell for dotterselskapa Helse Bergen, Helse Stavanger, Helse Fonna og Helse Førde er i utgangspunktet svært dårleg nytt for folk i Sogn og Fjordane. Mindre vektlegging på beredskap og spreidde sjukehus gjorde at nestleiar i styret, Jorunn Ringstad, sin første tanke var at dette kunne ho ikkje slutte seg til. Uspiseleg og uakseptabelt var orda ho brukte då styret i dag fekk forklart kva dei økonomiske realitetane kunne bli i åra framover.

– Får ikkje vi for kompensert for den strukturen og geografien vi har, er den modellen uspiseleg. Men dette er ein modell som er meir generell for regionføretaket. Og får vi skjønsmidlar som kan kompensere får det som er uspiseleg, kan eg akseptere det, seier ho.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6631375 eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar