søndag 31. mai 2009

Leiar i Sogn Avis: Ei raudgrøn helsenøtt

LEIAR I SOGN AVIS (STOD I AVISA FYRST I MAI, ER SKRIVEN AV REDAKTØR JAN INGE FARDAL)

Det har lenge vore klart at organiseringa av helsetenesta her i landet er ei lei nøtt for den raudgrøne regjeringa. Dette kom ikkje spesielt godt til syne under eit godt vitja folkemøte i kultursalen i Lærdal sist onsdag. Politikarane frå SV, Sp og Ap, som sat i panelet denne kvelden, var nemleg heilt samde om at det einaste rette no er at dei folkevalde tek attende styringa i helseføretaka.

Medan Trond Aarre frå SV og Erling Sande frå Sp kunne argumentera mot føretaksmodellen, vel vitande om full støtte frå moderpartia, var Aps Hilmar Høl fullstendig klar over at Ap nyss har bestemt seg for å behalda dagens modell. Ap-politikaren frå Årdal var likevel heilt klar på at han personleg aldri har likt denne reforma. Det er han utvilsomt ikkje åleine om i det største regjeringspartiet, men hans syn har ikkje fleirtal.

Sidan dei to minste regjeringspartia er så klare på at sjukehusa skal attende til ei regional, folkevald styring, så kan dei som er opptekne av lokalsjukehusa si framtid kryssa fingrane og vona at dei to minste får gjennomslag i ei eventuell Soria Moria 2-erklæring.

Trond Aarre, som er tilsett i Helse Førde, og såleis har ekstra god føresetnad til å uttala seg i denne saka, peika under folkemøtet på at helsereforma frå 2002 har gjort at dei lokalt og regionalt folkevalde ikkje har noko påverknadskraft på korleis spesialisthelsetenesta skal vera – eller korleis den eventuelt kan bli betre. Utfordringa no er å finna ut korleis dette problemet kan løysast. Førebels manglar eit klart svar.

Under det nemnde folkemøtet konstaterte professor Bjarne Jensen ved Høgskulen i Hedmark at den gjeldande helseforma er ein misstillit til lokal og regional folkevald styring. Han peika på det som mange utanfor helseføretaka har gjort dei siste sju åra, nemleg at det forretningmessige prinsippet som er innført ikkje på nokon måte er til pasientane sitt beste. Og at lovnadene i forkant av helsereforma om at det skulle blir meir helse for kvar krone, aldri har vore i nærleiken av å bli oppfylte.

Det vart også vist til at eit land som Skottland har gått vekk frå ein liknande føretaksmodell som me framleis slit med her i landet. Sjukehusa i Skotland blir igjen styrde av dei folkevalde og – viser det seg, pengar blir spart og tilbodet blir betre.

Det er trist dersom det har gått så mykje prestisje i denne saka at Ap ikkje kan snu i tide. Og viss så er tilfelle, kan nokon i partiet forklara kvifor det er nødvendig at eit land med rundt ein tredel av innbyggjartalet i London må ha alle desse topptunge helseføretaka og ein kvadag der sjukehus faktisk konkurrerer med kvarandre i staden for å samarbeida til beste for pasientar over heile

• Les heile leiaren i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar