fredag 29. mai 2009

Mowatt vil ha ny debatt


FJORDABLADET – Vi kan ikkje sitje og sjå på dette lenger, meiner Harry Mowatt. Han vil ha ein debatt om sentralsjukehuset kontra lokalsjukehusa i fylket.

Utspelet frå styremedlem Mowatt kom både under handsaminga av ny inntektsmodell i Helse Vest og då styret gjekk gjennom stoda i Helse Førde så langt i år.

Ny millionsmell
Helseføretaket kjem høgst truleg til å gå på ein ny økonomisk smell. Førebels viser prognosane 18 millionar kroner i minus. Det kjem på toppen av summen som Helse Førde har lov til gå med underskot på, 40 millionar kroner.
– Dette skjer år etter år. For meg er årsaka heilt klar. Vi har eit inntektsnivå som på ingen måte samsvarer med oppgåvene vi har fått. Vi kan ikkje sitje og sjå på dette lenger, sa Mowatt på dagens Helse Førde-styremøte i Sogndal.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar