lørdag 30. mai 2009

Ludvigsen: - Vi kan ikkje bygge ned


NRK SOGN OG FJORDANE - Sogn og Fjordane kan ikkje godta noko dårlegare sjukehustilbod enn det som er i dag.

Det meiner stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen frå Venstre.

Fredag tok styremedlem i Helse Førde, Harry Mowatt, til orde for ein strukturdebatt for å finne ut om det skal satsast på eit sterkt sentralsjukehus eller sterke lokalsjukehus.

Vil ikkje byggje ned
Mowatt meiner Helse Førde ikkje har råd til å satse på begge delar. Men Ludvigsen vil ikkje byggje ned dagens tilbod.

-Vi må ha eit trygt og godt spesialisttilbod også i Sogn og Fjordane. Det burde alle prøve å arbeide for, og ikkje prøve på ein strategi der vi ser oss nøgde med mindre enn det vi har i dag, seier Ludvigsen.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar