fredag 1. mai 2009

Porten.no: Helse eller forretning?



PORTEN.NO -Målet må vere at helsetenestene skal vere til det beste for pasienten, ikkje for at ein skal tene pengar og ha økonomisk lønsemd. Økonomisk styring etter forretningsmodellen fungerer ikkje i helseføretaka, det har gått skikkeleg galt, sa professor Bjarne Jensen ved Høgskulen i Hedmark. Her i samtale med stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) og Trond Orre (Sv) på møte om sjukehuspolitikk i Lærdal onsdag.

Om lag 70 personar møtte var med på ope møte om sjukehuspolitikk og økonomistyring som "Sjukehusaksjonen" skipa til i Lærdal onsdag kveld. Innleiarar var professor ved Høgskulen i Hedmark, Bjarne Jensen og rådgjevar i Fagforbundet, Unni Hagen. Til debatt stillte Hilmar Høl (Ap), Erling Sande (Sp) og Trond Orre (Sv) og sjukehusaksjonist Bente Øien Hauge. Programleiar Knut Henning Grepstad sa innleiingsvis sjukehusdebatt og økonomistyring var eit vanskeleg og utfordrande tema.
Dei to innleiarane tok utgangspunkt i helsereforma frå 2002, då fylkeskommunen mista ansvaret for sjukehusa og vart erstatta av helseføretak der økonomien skulle styrast etter forretningsmessige prinsipp.

Gir mangelfull økonomistyring
Både Jensen og Hagen var veldig klare på at dette slett ikkje hadde fungert.
-Målet var jo å få kontroll over økonomien, men fakta er jo at underskota har auka frå år til år. Å erstatte det folkelege element med forretningsmessige prinsipp har gått skikkeleg galt, sa Jensen. Og la til; helsereforma var svært dårleg førebudd og gjennomført på rekordtid. Han meiner forretningsmodellen klart fører til mangelfull økonomistyring.
-I tillegg vert den overordna politiske styringa svekka, det bidreg til konkurranse mellom helseføretaka i staden for samarbeid. Modellen stimulerer til auka lønsemd for føretaka, ikkje til pasienten sine behov. Det er eit system som er skapt for omstilling i helsetenestene, og nedlegging av funksjonar ved lokalsjukehus. Forretningsrekneskap eignar seg rett og slett ikkje til å styre offentleg tenesteproduksjon, slo Jensen fast.

Folkeleg mobilisering
Rådgjevar i Fagforbundet, Unni Hagen sa offentleg sektor i løpet av året sløsa vekk milliardar av kroner, og ville ha ei folkeleg mobilisering som såg til at skattebetalarane sine pengar vart brukt på ein fornuftig måte.
-Prestisje er hovudproblemet for at ein ikkje er komne lengre enn ein er i dag, eg fryktar og at Samhandlingsreforma kan bli ei avsporing, sa Hagen. Som meinte ein må ta farvel med marknadsmodellen i sjukehusreforma slik det var gjort i Skottland og på New Zeland.

• Les heile saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar