onsdag 23. februar 2011

"Aordøle - no e det alvor!"


I april blir Lærdal sjukehus sin lagnad avgjort. - Me må vakna no årdøler, før det er for seint! Møt opp for å støtta "Forsvar Lærdal sjukehus" i samfunnshuset i Øvre Årdal onsdag 2. mars, og bli ei pressgruppe mot lokale og sentrale politikarar, seier arbeidsgruppa som lovar god musikkunderhaldning samt fleire korte og gripande apellar.

Det var Odd Tore Moen som forrige veke tok initiativ til å skipa saman ei politisk musikkmarkering i Årdal kalla for ""Aordøle - no e det alvor!"

- Eg tykte me kunne køyra mykje av det same opplegget som nyleg vart gjort i Lærdal, det dei kalla Støttekonsert for Lærdal sjukehus "politikk og musikk". På denne måten viser me solidaritet, og syner at me meiner nett det same som dei så framifrå gjorde. Totalt sett blir me vonaleg då ei sterkare politisk pressgruppe, seier Odd Tore Moen til porten.no måndag kveld.

Lærdøler også med
Arbeidsgruppa i Lærdal, "Forsvar Lærdal sjukehus", er informerte om planane i Årdal, og er svært positive til arrangementet.
Nokre av desse vil også stilla opp i Øvre Årdal denne onsdagen.

Arbeidsgruppa i boks med det same
Initiativtakar Moen fekk tromma saman ei arbeidsgruppe i Årdal med positive og ressusterke personar på èin, to, tre. Gruppa består av Odd Tore Moen, Hilmar Høl (Årdal Arbeiderparti), Bjørn Årebru (Frivilligsentralen i Årdal), Helge Øren (Musikkkorps), Thomas Nordheim Moen (Hugin Musikkforum) og Geir Nordnes (Næringslivet i Årdal).

Arbeidsgruppa jobbar no hektisk for at alt skal vera i boks innan 2. mars.

- Me har ikkje problem i det heile med å få folk til å stilla opp verken på eller utanfor scena. No handlar det mest om å sy saman detaljane, seier karane i arbeidsgruppa medan dei diskuterer heftig seg imellom eller kastar seg på telefonen for å nå dei rette folka dei ikkje har fått klargjort alt med enno.

Appellar og god musikalsk underhaldning
Arbeidsgruppa vil ikkje ut med alle detaljar per i dag, men seier at det heile vil vara i rundt 90 minuttar, der publikum vil få høyra korte politiske apellar der kvar talar får to minutt på seg. Apellane blir halde av privatpersonar, politikarar og næringsliv.

Innimellom appellane vil ein få servert mykje god musikk frå scena
Den musikalske underhaldninga vil blant anna vera frå Øvre Årdal Janitsjarkorps, Årdal musikk- og kulturskule, Hugin Musikkforum, samt gruppa Longhorn frå Lærdal. "Sjukehussongen" til Longhorn vil bli kopiert opp og levert til alle i salen som kan ta del i allsong.

Gratis inngang
Det vil ikkje kosta ei krone for publikum å møta opp. Det vil heller bli sendt rundt bøsser der folk kan gi ein sum til "Forsvar Lærdal sjukehus".

- Me likar heller å kalla dette indremedisin, dette handlar om kjensler, at me bryr oss og viser solidaritet. Me er opptekne av tryggleiken til folk, me er alle avhengige av at sjukehuset i Lærdal skal bestå, seier arrangørane.

Siste sjanse for årdøler
- Me trur kanskje at ein del årdøler ikkje har vore flinke nok til å visa kor dei står i høve til ei eventuell nedlegging av sjukehuset i Lærdal. Men no har dei sjanse til å reisa seg og møta mannsterke opp og visa politisk styrke mot styresmaktene før det er for seint, seier den ivrige arbeidsgruppa.

Sidan føretaket vart lagt ut på Facebook for eit par dagar sidan, har arbeidsgruppa nærast blitt nedringt av folk som vil vera med og hjelpa til.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar