torsdag 17. februar 2011

Knallharde ord og mjuke melodiar


PORTEN.NO Arrangørane Lærdal musikklag, Lærdal Frivilligsentral og Forsvar Lærdal sjukehus skipa søndag kveld til støttekonsert i Storstova på Lærdalsøyri skule. Utruleg god og variert underhaldning, sjølvsagt ispedd skarpe apellar, solidariske songar og samtalar om sjukehuset si framtid.

Støttekonsert for Lærdal sjukehus "Politikk og musikk”
Aurland, Lærdal og Årdalstangen musikklag ved dirigent Oddgeir Øren opna programmet med, "You`ll never walk alone".
Deretter fulgte, "Kor e alle heltar" og til slutt, "Always look at the bright side".
Dette let kvalitetsmessig veldig bra og sette ein standard for resten av kvelden. Det spørs om ikkje desse korpsa burde slå seg saman?

- Dette er ikkje demokrati, dette er ikkje tryggheit for alle
Innimellom dei musikalske innslaga vart det halde politiske appellar frå både lokale og tilreisande . Blant dei var medlem av Helse- og omsorgskomiteen Geir Ketil Hansen, Hilmar Høl leiar i Årdal Ap og Hege Lothe fylkesleiar i SV.

- Det som no skjer er ikkje folkets vilje. Dette er ikkje demokrati. Det er kun ein rein fråskrivelse av ansvar frå våre sentrale tillitsvalde som med vår tillit sit der dei sit, sa Hilmar Høl.

Årdal Arbeidarparti finn det uforståeleg og meiningslaust at prosessane i helseføretaka får føregå slik som i dag, utan at omstillingane kjem som ein del av regjering og Storting si handsaming av nasjonale helse- og omsorgplan.

- Nedbygging av lokalsjukehusa vil ikkje gje ” trygghet for alle”, sa Høl.

- Helse Førde har gløymt kor dei kjem frå
- Helse Førde forvaltar store samfunnsressursar og ansvar, men i sin dårskap har dei gløymt kven dei er, og at dei – anten dei likar det eller ikkje – har fleire oppdrag enn å spara pengar og maksimera profitt for eigaren. Dei har gløymt kor dei kjem frå, og har valgt den autoritære maktarrogansen framfor ein åpen og humanetisk styringsmodell, sa Høl frå talarstolen.

- Årdal Arbeidarparti meinar at omgjering av Lærdal sjukehus til lokalmedisinsk senter, fjerning av akuttfunksjonar og fødetilbod er det same som å leggje ned lokalsjukehuset vårt, avslutta Høl.


Variert program med dyktige musikarar
På den musikalske sida stilte Kine Svori opp med tradisjonsmusikk frå Jostedalen, og frå Årdal kom Odd Tore Moen med sang og gitar.

Frå Aurland kom Vilde Skjerdal. MGP- juniorfinalist Ida Skjerping Mo med UKM deltakar Knut Isdal Lindstrøm stilte opp frå Lærdal, samt Dick Jan Zwart fiolin og Årdal og Lærdal Trekkspelklubb.

Eit variert program med svært gode utøvarar.

Blomar til Bente Øien Hauge
Bente Øien Hauge fekk ros og overrekt blomar for den store innsatsen ho har gjort for å bevara Lærdal sjukehus, og ho fekk ståande applaus.

Longhorn avslutta konserten med ”Song for sjukehuset”, tekst Kristen Olav Grøttebø, medan publikum song med.

Arrangørane var godt nøgde med kvelden. - Kvalitet frå fyrste stund og strålande nøgde. Dette har det vore moro å jobba med. Me starta for ca to veker sidan og det var Magnhild Aspevik som kom med ideen, seier dei til porten.no

- Eg vart inspirert av det dei gjorde på Eid, og meinte dette kan me og få til. Dermed var det gjort. Alle me har spurt har vore positive til å stilla opp. Har heller fått inntrykk at det er enkelte som er litt sure for dei ikkje er blitt spurt, - humrar Steinar Kvigne.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

• Sjå Porten sitt biletgalleri frå arrangementet ved å klikke her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar