søndag 3. april 2011

Eid Venstre: - Ap overkøyrer folk i distrikta


FJORDABLADET – Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga og ortopeditilbodet i Nordfjord syner at Arbeidarpartiet sitt maktapparat i Oslo har misst all kontakt med grasrota, seier Venstre sin listetopp og ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo.

– Regjeringa sitt vedtak om å legge ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus er utruleg skuffande. Vedtaket betyr at Regjeringa gir grønt lys for nedbygging av lokalsjukehuset på Eid. Omgrepet «lokalsjukehus» blir no tømt for innhald, seier Alfred Bjørlo.

– Vedtaket om å legge ned fødeavdelinga og ortopeditilbodet i Nordfjord syner at Arbeidarpartiet sitt maktapparat i Oslo har misst all kontakt med grasrota, og at Senterpartiet og SV har godtatt å la seg overkøyre i ei sak som folket i Nordfjord har stått samla bak, seier Bjørlo.

Det er folk i Ytre Nordfjord som får lengst reiseveg til sjukehus når fødeavdelinga på Eid blir lagt ned. Det er då på grensa til provoserande at Helseministeren nyttar Kvivsvegen som argument for å kutte fødetilbodet. Kvivsvegen gir inga nedkorting av reisetida for fødande, korkje i indre eller Ytre Nordfjord. Dette er eit tydeleg døme på kor stor avstand det er til makta i Oslo i den raudgrøne regjeringa, og at Ap-folk i Nordfjord ikkje ein gong har nådd fram med å formidle grunnleggande faktainformasjon til Ap sentralt.

– Det er sjølvsagt positivt at Helseministeren seier at Nordfjord sjukehus framleis skal ha eit akuttilbod, seier Alfred Bjørlo. - Men når fødeavdelinga forsvinn, og det førsteklasses ortopedimiljøet ved sjuukehust blir rasert, er det på sikt ein trussel også mot andre funksjonar ved sjukehuset. I alle fall når vi kjenner Helse Førde si negative haldning til lokalsjukehusa. Helse Førde kjem no til å halde fram med sin kampanje for å redusere tilboda bit for bit ved lokalsjukehusa, seier Bjørlo.

– Det er enno over eitt år til vedtaket om nedlegging av sjukehuset skal gjennomførast. Det mest handfaste folk i Nordfjord no kan gjere, er å syne ved lokalvalet i september kva ein meiner om Ap, Sp og SV i regjering si overkøyring av Nordfjord, seier Bjørlo og lovar full kamp og engasjement frå Venstre for Nordfjord sjukehus i tida framover.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar