lørdag 2. april 2011

Ser muligheiter etter regjeringa sitt vedtak


PORTEN Vedtaket om å gjere den forsterka fødestova ved sjukehuset i Lærdal om til ei jordmorstyrt fødestove, gjer at Senterparti politikarane, Aleksander Heen frå Årdal og lærdalsjenta Gro Starheimsæther, håpar på eit tettare kommunalt samarbeid.

Mange reaksjonar
Etter ein gjennom media idag fekk informasjon om at den forsterka fødestova ved lokalsjukehuset i Lærdal skulle omgjerast til ei jordmorstyrt fødestova, har reaksjonane vore mange.

Enkelte oppfatta dette som ein dårleg aprilspøk. Men om det var tilfeldigheitane som gjorde til at vedtaket til regjeringa blei presentert 1. april, er vanskeleg å seie.

Skapar engasjement

Dei unge politikarane i Årdal og Lærdal engasjerer seg no for fullt i sjukehussaka, og ser ikkje heilt mørkt på saka sjølv om dei likevel er skuffa over vedtaket til regjeringa.

- Me ser at vedtaket som er gjort, samtidig vil skape eit tettare politisk samarbeid, seier Aleksander Heen, og siktar til alle kommunane som soknar til lokalsjukehuset i Lærdal.

Kommunalt samarbeid
Gro Starheimsæther og Alexander Heen ynskjer at iniativet dei no tek, vil vere med på å skape eit godt samarbeid mellom politikarane i dei aktuelle kommunane.

Både fagleg kompetanse og økonomi er noko ein må finne løysingar på, men Heen gir utrykk for at kommunane ilag har gode muligheitar for å klare dette.

Påverka regjeringa
Sjølv om Heen meinar det beste alternativet var å oppretthalde eksisterande tilbod ved fødestova eller å gjere den om til fødeavdeling, trur han vedtaket til Helse Førde om å leggje ned fødetilbodet i Indre Sogn, hadde stått ved lag viss ikkje Sp hadde vore i regjering.

- I og med at partiet er i regjering, har dei strekt seg langt i denne saka for Lærdal sin del, seier Heen vidare, som meinar Liv Signe Navarsete tross alt har gjort ein god jobb for å oppretthalde funksjonar ved sjukehuset i Lærdal.

Slik som vedtaket frå regjeringa har blitt framstilt, vil ein behalde både det ortopediske tilbodet og akuttfunksjonen ved medisinsk avdeling. Det har òg kome fram at ein vil sjå på muligheiten med å leggje eit medisinsk senter til lokalsjukehuset.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar