mandag 4. april 2011

Sjukehusaksjon vil samle inn 10 millionar kroner


NRK SOGN OG FJORDANE Sjukehusaksjonen i Nordfjord vil etablere seg på ny og samle inn 10 millionar kroner. Fleire hundre stilte opp for å vise støtte til aksjonen og lokalsjukehuset.

Det var i føremiddag det blei bestemt at det skulle vere ein aksjon, og rykta spreidde seg fort i Nordfjord. Måndag kveld samla fleire hundre personar seg utanfor Nordfjord sjukehus. Folk hadde med seg faklar og det vart sunge og ropt slagord.

LES OGSÅ: Held fast på utsegn om reisetid
LES OGSÅ: Advokatar ser på fødenedlegging

– Enkelte vil gi store summar
Sjukehusaksjonen som har eksistert i mange år, skal skipast som ein ny organisasjon.
– Vi skal samle inn 10 millionar kroner, seier leiar Svein Hansen.

Pengane skal samlast inn frå både næringsliv og privatpersonar. Hansen seier han har fått signal om at enkelte er villige til å gi store summar. Han vil ikkje svare konkret på kva pengane skal brukast til.

– Men samhandlingsreforma legg opp til at noko slikt må skje, seier han.

LES OGSÅ: - Legg nederlaget bak dykk
LES OGSÅ: Ordførarar drøftar sjukehussvik

– Kampen er ikkje over
I løpet av kvelden blei det verva fleire nye medlemmer til Sjukehusaksjonen. Det skal opprettast eit nytt styre og veljast ny leiar. Hansen vil ikkje seie noko om han ønskjer å halde fram.
– Tida vil vise kven som blir ny leiar, seier han.

Og sjølv om helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fredag vedtok å leggje ned fødeavdeling og ortopedien ved Nordfjord sjukehus, meiner Hansen at det nyttar å kjempe vidare.
– Kampen er absolutt ikkje over. Eg er sikker på at vi vil komme til vinne, både når det gjeld fødeavdelinga og ortopedien.

Han meiner at det at så mange møtte opp i kveld, viser kor sterkt saka står i Nordfjord.
– Eg er rørt over oppmøtet, eg rekna ikkje med at det kom så mange, seier leiar Hansen.

LES OGSÅ: Nordfjordingane er rasande
LES OGSÅ: Ofrar fødetilbod på lokalsjukehusa

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar