søndag 3. april 2011

Marianne Øren, Venstre: Fødetilboda er grunnmuren


SOGN OG FJORDANE VENSTRE Innlegg i generell politisk debatt på Venstres Landsmøte, 1. april 2011.

Marianne Øren, Lærdal Venstre og delegat på Landsmøte i Trondheim har hatt følgjande innlegg i generell politisk debatt:


"Kjære landsmøte, eg trur på individet innanfor trygge sosiale rammer. Eg trur på Venstre.

Fylket eg kjem frå, Sogn og Fjordane, er rikt på ressursar innanfor industri, jordbruk, turisme og fiskeri. Vi er eit av dei fylka i Noreg som har størst eksport av verdiar ut av vår region og inn til det store fellesskapet.

Folk og bedrifter kan vekse og trivast i denne delen av landet. MEN det er avhengig av ein grunnmur. Dagens avgjerd frå Helseministeren og Regjeringa om å legge ned fødetilboda ved mellom anna lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane, er å riste laus denne grunnmuren.

Avgjerda, og måten ho vart presentert på er ei ulukke for alle, både innbyggjarar og fagfolk i min del av landet. Det er ei stor skam at Helseministeren stadig kjem med dei same frasene og pamflettane om kvalitet, når til og med hennar eige fagtilsyn seier at det ikkje finst fagleg grunnlag for slike påstandar.

Helse Nord gjorde sist veke vedtak i motsett retning: Dei vil bygge opp gode helsetenester, inkludert fødetilbod, nær der folk bur. Hjå oss vart alt som har vore framført av krav og bøner og fagleg funderte innspel, glatt overhøyrt. Når vedtaket kjem, etter månader på pinebenken, er det via media og i vår disfavør. Det er ikkje rart folk reagerer med sinne og avmakt.

Korleis skal vi kunne satse på framtida i distrikts-Noreg og bidra til verdiskaping for storsamfunnet om vi skal sentralisere fødsel og død og andre fundamentale velferdsordningar.

Kjære landsmøte. Eg er avdelingsleiar for - det som har vore - føden i Lærdal. Og eg er førstekandidat for Venstre i mi kommune. Hadde eg visst i går det eg no veit om kva dagen ville bringe av nyhende, ville eg ha vore blant mine sambygdingar og kolleger på sjukehuset i Lærdal. Når det ikkje er mulig, er eg i alle fall glad for å vere her, på landsmøte i Venstre, i eit parti som står på for tryggheit nær der folk bur, og som set folk først."

• Les innlegget på Sogn og Fjordane Venstre sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar