søndag 11. september 2011

Ordføraren inviterer til møte om fødestova 15. september


PORTEN.NO Ordføraren i Lærdal inviterer til møte om fødestove


I møteinnkallinga står det:

Til administrasjonen i Helse Førde.

Eg viser til tidlegare møter og korrespondanse mellom Lærdal Kommune og Helse Førde kring arbeidet med oppretting av ei fødestove ved Lærdal Sjukehus. Etter dei opplysningane som er gitt til politisk leiing (formannskapet) i Lærdal, bør det no liggje til rette for at fødestova kan verte operativ snarast.

Kommunestyret i Lærdal er samla til møte torsdag 15. september og eg vil invitere Helse Førde til å gje kommunestyret i Lærdal ei orientering om framdrifta i saka. Etter vår tidsplan for møter denne dagen vil det høve best å starte orienteringa kl. 13.30 og me set av 30 min.

Om dette ikkje høver, kan tidspunktet for orienteringa tilpassast.

Eg inviterar også ordførar Arild Ingar Lægreid og representantar frå administrasjonen i Årdal Kommune til å ta del i orienteringa.


Med venleg helsing Arne Sanden

Ordførar i Lærdal

Tlf 90074921
E-post privat : arne.sanden@privat.alb.no
E-post jobb: arne.sanden@laerdal.kommune.no

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar