tirsdag 6. september 2011

Pressemelding: Folkerørsla til Nordfjord onsdag 7. september

PRESSEMELDING Folkerørsla for lokalsjukehusa fryktar Nordfjord sjukehus blir modell for nedbygging i heile landet

Folkerørsla for lokalsjukehusa (Folkebevegelsen for lokalsykehusene) reiser i morgon, onsdag 7. september, til Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Det er koordinator Bente Øien Hauge (Lærdal) og regionkontakt Nils Johan Ystanes (Odda) som vil møte representantar for Sjukehusaksjonen i Nordfjord og Helsefaggruppa i Nordfjord for å få ei orientering om den lokale situasjonen og utviklinga etter regjeringsvedtaket 1. april 2011 som direkte berørte sjukehusa i Nordfjord, Lærdal, Odda og Lofoten.

Politikarane i Nordfjord reagerte umiddelbart kraftig på regjeringsvedtaket om nedlegging av ortopedisk verksemd og nedbygging av fødetilbodet i regionen. Dei stilte kritiske spørsmål ved grunnlaget for denne avgjerda. Det vart òg påvist feil i argumentasjonen som kom frå den politiske leiinga i departementet.

For Folkerørsla for lokalsjukehusa ser det ut som regjeringa gjennom signala i føretaksmøte med Helse Vest (28.4.) vil etablere ein nasjonal pilotmodell for demontering av lokalsjukehus over heile landet. Difor handlar det såkalla "Utviklingsprosjekt for Nordfjord sjukehus" ikkje berre om Nordfjord, men om Odda, Lærdal og etter kvart ei rekkje andre sjukehus i Norge.

Statsminister Jens Stoltenberg har ved fleire høve, seinast i valdebatten på TV2 måndag kveld, signalisert at regjeringa ser på innvendingar og motstand frå befolkning, lokalpolitikarar og lokale fagfolk som midlertidig støy - noko som vil gå over. Folkerørsla registrerer òg at tiltak som i realiteten er kutt, stadig blir framstilt som kvalitetsforbetring.

Helsefaggruppa i Nordfjord etterlyste nyleg i ein kronikk i Dagbladet kva statsministeren eigentleg vil med lokalsjukehusa og spurde om dei skulle ende som "lokalmedisinske sentre - uten evne til å behandle og stabilisere hverdagslige akutte tilstander?"

Måndag (5.9.) kom pressemeldinga fra Sjukehusaksjonen i Nordfjord om at dei no går til rettssak, og det med støtte frå politisk hald. Sjukehusaksjonen hevdar at nedlegging av kirurgisk verksemd ved Nordfjord sjukehus har avgjerande betydning for innhaldet i regionen sitt framtidige helsetilbod.

Folkerørsla for lokalsjukehusa ser fram til eit nyttig orienterings- og drøftingsmøte med Helsefaggruppa og Sjukehusaksjonen i Nordfjordeid næringshage på Eid onsdag 7. september kl. 13–15. Møtet er ope for presse og andre interesserte.


Lærdal, 6. september 2011


Bente Øien Hauge
- koordinator -
Folkerørsla for lokalsjukehusa (Folkebevegelsen for lokalsykehusene)
Mobil 90 75 96 24

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar