søndag 11. september 2011

Sogn Lokalmedisinske senter – informasjon til kommunane

INFORMASJON FRÅ LÆRDAL KOMMUNE SINE NETTSIDER

Sogn Lokalmedisinske senter – informasjon til kommunane

Bakgrunn og utgangspunkt
Som vertskommune for sjukehuset har Lærdal kommune invitert dei andre kommunane i regionen og Helse Førde til å delta i eit prosjekt med mål å greie ut, planlegge og bygge eit LMS til beste for befolkninga i Sogn.

Den grunnleggande tanken bak dette er å få i gang prosessar og samarbeidstiltak på tvers av kommunane med utgangspunkt i den kommande samhandlingsreforma. I dette ligg utvikling av tilbod før, i staden for og etter opphald på sjukehus.

Det er ikkje eit Sogn regionrådsprosjekt, men eit frittståande prosjekt mellom kommunane etter invitasjon frå Lærdal kommune. Alle deltakande kommunar skal handsamast likt og kunne gjere sine val på sitt grunnlag. Vidare må dette skje i samråd og samarbeid med Helse Førde som representerer spesialisthelsetenesta i vårt fylke, og er eigar av Lærdal sjukehus. Desse forholda må speglast i organisering og styringsstrukturar for prosjektet.

Arbeidet er delt i tre fasar – forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt som bygger på kvarandre. Mellom kvar fase er det avgjerdspunkt der kommunane kan velje å gå vidare eller ikkje, vere med på heile eller deler av endeleg løysing.

Kommunane Vik, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal og Aurland har, gjennom vedtak i kommunestyra, slutta seg til å delta i fase 1 – forstudien. Her skal me greie ut kva LMS kan vere og avklare kven som vil delta på kva. Balestrand kommune ønsker å vere observatør.

Vertskommunen har så langt fått 3 mill kroner i prosjektmidlar frå staten for å gjennomføre prosjektet. Helse Førde har fått 2,5 mill kroner til same føremål. Det er eit vilkår at midlane skal gå til planlegging og utvikling av nye tiltak knytt til samhandelingsreforma, ikkje til drift eller store investeringar. Statlege styremakter rår til at prosjektet vert knytt opp mot kommunale planar og at det vert inngått avtalar med spesialisthelsetenesta.

Brukarane skal ha ein plass i arbeidet med utforming av tilboda.


Status pr 1. september
 Planleggingsarbeidet er i godt gjenge. Det vert arbeidd med prosjektplan med aktivitetar og milepålar. Me ser føre oss ein overordna prosjektplan og eigne prosjektplanar i og på tvers av kommunane tilpassa den overordna planen.

 Det er etablert ei intern førebels arbeidsgruppe mellom Lærdal kommune og Helse Førde. Det er etablert ein positiv og god dialog.

 Det er søkt etter prosjektleiar og me har fått tre kvalifiserte søkarar. Tilsettinga vil bli gjennomført i løpet av 1-2 veker. Til forstudien vert det kjøpt inn prosesstøtte.

 Etter vedtak i kommunestyra er det rådmennene som har fått i oppdrag å ta prosessane vidare. Rådmennene saman med representant frå Helse Førde vert styringsgruppe.

 Spørsmål om brukardeltaking og deltaking frå fagforeiningar er til vurdering.

 Det vil bli halde eit oppstartsmøte i Lærdal 12 september med eit program i to bolkar. Fyrste bolken med eksterne innleiarar med forankring og kompetanseheving som siktemål, andre bolken som interne drøftingar i styringsgruppa. Det er rådmenn og fagfolk i kommunane som er primærmålgruppe for samlinga.

 Fyrste bolken ønsker me skal vere open for pressa, andre bolken er til interne drøftingar og avklaringar i styringsgruppa.
Lærdal den 1. september 2011

Alf Olsen jr Rådmann

• Klikk her eller på overskrifta for å sjå saka på Lærdal kommune sine nettsider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar