tirsdag 17. februar 2009

11,5 millioner til Lærdal sjukehus

Helse Førde får 26,3 millionar kroner i regjeringa sin tiltakspakke mot arbeidsløyse. Det betyr at det no blir sett i gong vedlikehaldsarbeid både i Lærdal, Førde og på Tronvik.
Styret i Helse Vest RHF har i eit ekstraordinært styremøte tysdag, vedteke fordelinga av midlane frå regjeringa sin tiltakspakke. 188 millionar er fordelte på til saman 25 oppgraderings- og vedlikehaldsprosjekt i regionen. Av desse får altså Helse Førde 26,3 millionar kroner.

• 11,5 millionar skal brukast på brannsikring og oppgradering av 3. etasje ved Lærdal sjukehus.
• 9 millionar går til opprusting av Tronvik.
• 5,8 millionar er sett av til ulike vedlikehaldsprosjekt ved Førde sentralsjukehus.

- Alle tiltaka som no er vedtekne er prosjekt som ikkje hadde blitt sett i verk i 2009 om det ikkje hadde vore for tilleggsløyvinga frå staten. I tillegg er dette prosjekt som har høg sysselsettingseffekt, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest RHF.

• Henta frå Helse Førde sine nettsider, klikk her eller på overskrifta for å lese saka der

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar