søndag 21. februar 2010

Nilsen: Det er ingen mistillit frå oss


NRK SOGN OG FJORDANE Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest avviser kritikken frå Harry Mowatt.

Harry Mowatt trakk seg i dag frå vervet som styremedlem i Helse Førde-styret. Han meiner det er skjedd fleire ting i det siste som viser at Helse Vest stikk kjeppar i hjula for Helse Førde, og han meiner også at Helse Vest ikkje kan ha tillit til styret i Helse Førde.

Men styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest avviser all kritikken frå Mowatt.
- Eg har ikkje anna å seie enn at eg tek dette til etterretning, seier Nilsen.

- Har ikkje de utrykt mistillit for styret i Helse Førde slik Mowatt meiner?
- Nei, tvert imot. Vi har backa opp det styret. Strategiprosessen som dei no arbeider med har vi samarbeidd om. Og det var einstemmig i styret i Helse Vest at nettopp på grunn av denne prosessen ville vi ikkje skifte styret i Helse Førde no.

- Sit på nåde
Nilsen viser til at det denne veka vart avgjort at styret i Helse Førde vert sitjande fram til august når strategiprosessen då skal vere ferdig. Mowatt meiner dette syner i klartekst at dei styremedlemmene sit på nåde fram til då.

- Er dette ei betinga støtte frå Helse Vest til styremedlemmene i Helse Førde?
- Nei. Vi hadde ein diskusjon i styret om korleis vi skulle gjere dette. Vi ville ikkje lage uro for styret i Helse Førde. Eg oppfattar at vi gjev dei tillit, seier Nilsen.

Veljer berre nytt medlem
- Helse Førde hadde rekna med å få 50 millionar kroner til å investerer for av Helse Vest. Dei fekk berre 20 millionar kroner. Kva betyr det?
- Det må vere ein samanheng i dette. Dei helseføretaka som går med overskot får også meir midlar. Det skal vere til inspirasjon for andre. Eg ser at det vert krevjande for Helse Førde. Men dette er faktisk resultatet av drifstkonsekvensane i Helse Førde, seier Nilsen.

Sidan Mowatt har trekt seg som styremedlem må det haldast eit føretaksmøte der det vert valgt eit nytt medlem til styret i Helse Førde.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar