fredag 19. februar 2010

Vil ikkje røra styret i Helse Førde - blir sitjande til august


SOGN AVIS Vil ikkje røra styret i Helse Førde, no. Helse Førde er inne i ein krevjande strategiprosess. Difor blir det sitjande styret sitjande.

Styret i Helse Vest RHF har torsdag oppnemnt nye styre i helseføretaka. Den nye styresamansetjinga blir stadfesta i føretaksmøte fredag den 19. februar, og gjeld frå same dag.

«Vi ser ei god utvikling i fleire av føretaka og meiner at vi denne gongen er best tente med å gjere relativt små endringar», seier Oddvard Nilsen, styreleiar i Helse Vest RHF i ei pressemelding.

Når det gjeld Helse Førde vert det peika på at føretakert er inne i ein krevjande strategiprosess.

«Styret i Helse Vest reoppnemner derfor det sitjande styret og vil gjere ei ny vurdering av styresamansetjinga i Helse Førde i august i år», heiter det.

Dagens styre i Helse Førde held difor fram med slik samansetjing: Clara Øberg (Ap)m styreleiar, Jorunn Ringstad (Sp), nestleiar, Reidun Halland, styremedlem, Helge Bryne, styremedlem, Anni Felde (Sp), styremedlem, Knut C Schønberg, styremedlem, Harry Mowatt (Ap), styremedlem.

Valde av og blant dei tilsette:Tone Solheim, styremedlem, Randi Fagereng, styremedlem, Rune Larsen, styremedlem, Kjell Nygård, styremedlem.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar