mandag 3. mai 2010

Helsestatsråden til fylket 5. og 6. mai


SOGN AVIS Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen kjem til Lærdal, Årdal og Eid 5. og 6. mai.

Helsestatsråden vil onsdag 5. mai vitja sjukehuset i Lærdal. Same dag blir det folkemøte i Årdal, i regi av Årdal Arbeidarparti, der statsråden vil ta del.

Dagen etter reiser statsråden på besøk til sjukehuset på Eid.

Presset på statsråden har vore stort etter Helse Førde la fram sin strategiplan, der dei gjekk inn for å legga ned sjukehusa i Lærdal og på Eid. Ikkje minst frå Årdal, der partiveteranar i Ap har truga med å senda både medlemskap og heidersteikn i retur til avsendaren.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar