tirsdag 4. mai 2010

Overleverer bøneskriv til helseministaren


PORTEN.NO Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus oppmodar folk om å ta vel i mot Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho kjem til Lærdal onsdag.

Aksjonskomiteen oppmodar alle sympatisørar møte opp ved sjukehuset onsdag før å overlevere eit bøneskriv til helseministaren. Eit skriv der ein ber om at indresogningane framleis skal ha eit fullverdig lokalsjukehus i Lærdal.

- Ministaren er vårt einaste håp, for det er tydeleg at Helse Førde har som mål å leggje ned sjukehuset. Me veit at det er midt i arbeidsdagen, for mange kan det sikkert vere vanskeleg å kome frå. Men me håpar dei som har høve til det møter ved sjukehuset ondag klokka 14.30 når me skal overlevere bøneskrivet til helseministaren, seier Bente Øien Hauge.

Ho heller ikkje overraska over at aksjonistane ikkje er invitert inn på sjukehuset med ministaren.

- Eg tykkjer ikkje det er so oppsiktsvekkande at me får vere med på møte no. Strøm-Erichsen har jo eit veldig stramt program, og me fekk jo snakka med henne då ho var i Førde 5. mars. No har me sjølve teke initiativ til å ta godt imot henne utanfor sjukehuset og vil overlevera bøneskrivet, det får vere nok i denne omgang, seier Bente Øien Hauge. Det er viktig at ho får sjå lokalsjukehuset. Eg håpar pasientar og personale der får høve til å snakka fritt til henne, utan sensur fra leiinga.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar