mandag 14. juni 2010

Helse Førde, 14. juni 2010: "Omlegging av fødetenesta"


HELSE FØRDE Nye styringssignal om at forsterka fødestover skal avviklast gjer at administrasjonen i Helse Førde ynskjer å leggje ned tilbodet i Lærdal.
- Få fødslar i Lærdal dei siste åra, lite robuste fagmiljø og økonomiske moment underbygger dette, seier klinikkdirektør i Kirurgisk klinikk i Helse Førde, Tore Dvergsdal.


Han er viss på at dei fødande i Sogn får eit godt framtidig tilbod.

- Fødande som treng særskilt oppfylging i svangerskapet får sitt tilbod frå FSS. Kvinnene sør for Sognefjorden kan velje å føde på Voss sjukehus eller på Haukeland universitetssjukehus. Gynekolog/ fødselslege vil ellers ambulere ut slik at kvinnene får tilbod om kontrollar ved lokalsjukehuset, seier klinikkdirektøren.

Sjølv om fleirårig heilskapleg og lokalt tilpassa plan for fødetilbodet i opptaksområdet ikkje vert behandla i styret i Helse Vest før tidlegast i oktober, ynskjer administrasjonen at styret vedtek struktur for fødetilbodet no. Det vil gje retning, og det lokale planarbeidet må leggje styrevedtaket til grunn for sitt arbeidet.

Lokalt planarbeid
- Det lokale planarbeidet er sett i gang og er forankra i koordineringsrådet. Etter at styret i Helse Førde og regionføretaket har slutthandsama planverket skal det utarbeidast delavtale for dette området som skal forankrast i overordna rammeavtale om samhandling mellom Helse Førde HF og den einskilde kommune. Utkast til delavtale må handsamast i både fagrådet og koordineringsrådet, seier Dvergsdal.


Opprettheld fødetilbod i Nordfjord
I framlegget til styret går administrasjonen inn for at fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus bør oppretthaldast inntil vidare, men leggjast ned innan 2020. Administrasjonen legg opp til ei jordmorstyrt fødestove som eit mellombels tilbod.

- Til tider har gynekologdekking vore ustabil og ei fødeavdelinga er såleis lite robust. Dessutan representerer fødestovene i dag eit svært godt tilbod for gravide, fødande og barselkvinner. Det kom også tydleg fram i rapporten ”Et trygt fødetilbud”, seier Tore Dvergsdal.

Han meiner Nordfjord sjukehus har ei god og stabil jordmormordekking, som gjer at ei omlegging til fødestove vil vere forsvarleg for lågrisikofødslane. Ambulerande barnelege og gynekolog frå sentralsjukehuset vil understøtte den jordmorstyrt fødestova.

Kapasitet i Førde
Alt i dag vert risikofødslar frå Nordfjord sendt til Kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus. Det er truleg kapasitet til å gi tilbod til alle fødande, også frå Nordfjord sjukehus, ved Førde sentralsjukehus. Sidan arbeidet med nye planar for fødetilbodet og dei nye kvalitetskrava vert krevjande, meiner Dvergsdal at det vil vere klokt å ikkje avvikle fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus enno.

Han presisere at dette ikkje endrar målbiletet og at fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus skal leggast ned innan 2020.

• Les saka på Helse Førde sine sider ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar