torsdag 24. juni 2010

Selje kommunestyre: Krev vidare drift av lokalsjukehuset på Nordfjordeid med minimum dagens standard


FJORDABLADET 22. JUNI Ministeren må handle no

Selje kommunestyre krev, på vegner av innbyggjarane sine og folket i Nordfjord, at helse- og omsorgminister Anne-Grete Strøm-Erichsen og regjeringa Stoltenberg no tek grep som sikrar vidare drift av lokalsjukehuset på Nordfjordeid med minimum dagens standard.

Politikarane i Selje diskuterte vedtaket om nedlegging av akuttberedskap, ortopedi og fødeavdeling i kommunestyret i går. Dei meiner at effektuering av nedleggingsvedtaket til Helse Førde-styret vil setje Nordfjordregionen fleire tiår attende i tid, noko dei ikkje kan godta.

I eit skriv til ministeren peikar dei på at ei reisetid til sjukehus frå ytre Nordfjord til sjukehuset i Førde tek 3,5 til fire timar. Det er ikkje akseptabel standard for innbyggjarane å måtte reise så langt for å få utført livsnødvendige sjukehus- og helsetenester som akuttberedskap og fødetilbod.

– Distriktet vårt er prega av optimisme og pågangsmot og kan ikkje torpederast ved å fjerne nærleiken til livsviktige funksjonar for innbyggjarar og næringsliv, skriv Selje kommunestyre. Dei krev no at regjeringa Stoltenberg tek ansvaret for ein distriktspolitikk som gjer at innbyggjarane framleis kan ha trygge og føreseielege rammevilkår til liks med meir sentrale strøk av landet.

– Skal vi halde fram med å byggje landet, og ta heile landet i bruk, må det visast mot og handlekraft og gjerast grep no før ein raserer det som allereie er skapt, skriv Seljepolitikarane.

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar