onsdag 30. juni 2010

Ungdomsrådet: Lite glad for Nesse sitt utspel


PORTEN.NO Ungdomsrådet i Lærdal er lite imponert av varaordførar Lars Petter Nesse sitt utspel om å arbeide for eit lokalmedisinsk senter.

- Skal Lærdal ha ei framtid er det heilt avgjerande at me har eit sjukehus med akuttfunksjonar og fødetilbod, seier leiar i ungdomsrådet, Helge Evensen Bjørkum.

I sist kommunestyremøte tok varaordførar Lars Petter Nesse til orde for at ein no må arbeide for eit lokalmedisinsk senter for Indre Sogn knytt til Lærdal sjukehus. Som han sa, verda går vidare og ting endrar seg i samfunnet, anten ein vil eller ei.

Ungdomsrådet meiner dette blir å gje opp kampen for lokalsjukehuset.

- Eg er litt sjokkert over dette utspelet frå varaordføraren, seier Helge Evensen Bjørkum. Å behalde Lærdal som eit fullverdig sjukehus, med akuttfunksjonar, og eit fullverdig fødetilbod meiner han og resten av ungdomsrådet er svært viktig på fleire måtar.

- Det handlar om at me skal ha nærleik til viktige helsetilbod, og ikkje minst handlar det om rekruttering til bygdi. Vert sjukehuset lagt ned, og erstatta med eit lokalmedisinsk senter utan akuttberedskap og fødetilbod, trur eg det vil virke negativt med omsyn til om folk vil bli verande eventuelt vil flytte til Lærdal, seier Helge Evensen Bjørkum.


501 nye lærdøler

Ungdomsrådet meiner og utspelet frå Nesse passar dårleg med dei signala Senterpartiet gjekk ut med i valkampen før kommunevalet for snart tre år sidan.
- Då lova dei 501 nye innbyggjarar i Lærdal i denne perioden, utspelet om å arbeide for eit lokalmedisinsk senter er i så fall heilt feil strategi, meiner Helge Evensen Bjørkum.

Ungdomane i Lærdal viser engasjement og er opptekne av å behalde lokalsjukehuset.
- Ja heilt klart, ungdomsrådet støttar 100 prosent opp om arbeidet i Forsvar Lærdal sjukehus. Dei gjer ein fantastisk god jobb, seier Helge Evensen Bjørkum.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

1 kommentar:

  1. Bra at ungdomen engasjerer seg. Det er da politikerne våkner! Fortsett med dette, kjempebra.

    SvarSlett