fredag 3. desember 2010

Engasjerte ungdomar kjempar for Lærdal sjukehus


PORTEN.NO Elisabeth Chruickshank har vore ein viktig pådrivar i kampen for Lærdal sjukehus. Tilsaman har ho fått med seg 25 ungdomar frå Sogndal vidaregåande skule til å demonstrere utanfor Stortinget komande måndag.

Måndag klokka fire er det demonstrasjon utanfor Stortinget i Oslo. Dette gjeld alle lokalsjukehus i Noreg som står i fare for å bli nedlagde.

Buss frå Lærdal og Årdal
– Det kjem folk frå heile Noreg som skal demonstrere. Det går ein buss frå Lærdal, og ein frå Årdal måndags morgon. Alle som er engasjerte, og ynskjer å behalde sjukehuset i Lærdal, er hjartelege velkomne til å vere med, fortel Chruickshank.

Som ein engasjert ungdom, med tanke på framtida har Elisabeth klart å samle 25 elevar frå 1.- til 3. klasse ved Sogndal VGS.

– Eg har valt å engasjera meg fordi eg meinar denne saka er såpass viktig. Det er tross alt snakk om framtida vår. Me har berre den eine sjansen til å seie kva me meiner, og den er me nøydt til å ta tak i. Det er utruleg viktig at me som er unge engasjerer oss i denne saka. Kanskje då vil politikarane sjå alvoret, fortel Chruickshank.

Framtida står på spel
- Det viktigaste er at me prøver. Dersom me ikkje gjer det og utfallet ikkje blir som me ynskjer, kan me angre seinare. Men dersom me faktisk prøver, kan ein sjå tilbake på det som noko positivt, fortel Elisabeth.

Bente Øien Hauge har ansvaret for bussane. Dersom ein lurer på noko, eller har spørsmål angåande reisa kan ein kontakte henne.

– Det er gratis bussar, så det er inga unnskyldning å ikkje stille opp for lokalsamfunnet. Det er lite som krevst. Eg vil oppmoda alle som kan til å vere med å kjempe, avsluttar Elisabeth Chruickshank.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar