torsdag 9. desember 2010

Sogn og Fjordane: Ingen lovnader frå statsråden


FJORDABLADET Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen gav ingen lovnader om freding av lokalsjukehusa i Eid og Lærdal då ein delegasjon frå Sogn og Fjordane Arbeidarparti og vertskommunane for sjukehusa i fylket møtte statsråden og partisekretær Raymond Johansen torsdag ettermiddag.

– Det var eit godt møte i den forstand at vi fekk gjentatt kva type sjukehus Nordfjord sjukehus er og kor stor betyding sjukehuset har for innbyggarane i regionen. Eg fekk eit klart inntrykk av at både statsråd Anne-Grete Strøm-Erichsen og partisekretær Raymond Johansen forsto alvoret i situasjonen, både når det gjeld situasjonen for tilbodet ved Nordfjord sjukehus, situasjonen for dei tilsette som lenge har levd i uvissa om kva som kjem til å skje med arbeidsplassen deira og ikkje minst pasientane og innbyggarane i regionen, seier Siri Sandvik som er leiar i Eid Ap.

Brei gjennomgang i regjeringa
– Heilt konkret, kva er konklusjonen på møtet? Vart de lova noko helst?
– Vi vart ikkje lova noko konkret om innhald og det som folk stort sett er opptekne av når det gjeld Nordfjord sjukehus. Det vi vart lova var at regjeringa samla skal ha ein grundig og brei gjennomgang av situasjonen. Frå helsestatsråden vart det sagt at ein legg opp til å prøve å bli ferdig med gjennomgangen før jul, men det var ikkje sikkert at ein greidde ein slik frist. Men uansett så skulle prosessen i regjeringa ver ferdig rett over årsskiftet. Det var den negative sida. Dersom eg skal trekke fram noko som eg oppfatta som positivt så var det at etter at vi hadde fått lagt fram korleis Nordfjord sjukehus er organisert i dag, der ein kvar ressurs blir nytta fullt ut, så sa statsråden at det var nett eit slikt sjukehus ho kunne ønskje seg, seier Siri Sandvik som er litt optimist etter møtet med leiinga i Ap og helsestatsråden.

• Les saka i Fjordabladet på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar