lørdag 11. desember 2010

Snu i tide!


INNHOGG I SOGN AVIS LAURDAG 11.12.2010/SOGNABLOGGEN/ORIGO - AV GEORG ARNESTAD

”Sjukehusstriden i Sogn og Fjordane har snart vart i 20 år, og han er enno ikkje ute av verda.” Det var den unge historikaren Ingvar Sveen som konstaterte dette i ein artikkel i det utmerka tidsskriftet ”Søkelys på Sogn og Fjordane” i 1982. På tidsskriftets glorete framsida presenterte redaktørane, Jon Naustdalslid og eg, artikkelen slik: ”Den lange og seige sjukehusstriden.”

Vi skulle berre ha visst. Men kven kunne ane at den bitre striden som rasa på 70-talet, og som gjorde livet til eit lite helvete for fleire av fylkeshelsesjefane og familiane deira på 80-talet, også i 2010 ville ha kraft i seg til å sprengje politiske parti, og reise ein orkan av harme og sinne blant tusenvis av folk i indre Sogn og i Nordfjord? Eg hadde aldri trudd det var mogleg. Men enno har ingen manifestasjon her i fylket mobilisert så mange som demonstrasjonen i Florø 23. mai 1977, den dagen fylkestinget vedtok organisasjonsplanen for sjukehustenesta i Sogn og Fjordane. Om det kan vere noka trøyst.

Dagens sjukehusstrid, der ei steil og fortvila lokalmakt gjer opprør mot ei tidvis arrogant og betrevitersk sentralmakt, har sitt utspring i motstanden mot ei sosialdemokratisk rasjonell og industriprega tenking som låg til grunn for heile den moderne samfunnsutforminga etter krigen. Midt på 60-talet var turen komen til sjukehusstellet. Men folket i og kring dei mange lokalsamfunna med sine småsjukehus ville slett ikkje late den einerådige Karl Evang i Helsedirektoratet bestemme. Hos oss starta den verkelege sjukehusstriden då Evang i eit brev i 1967 bad fylkestinget vurdere om det var mogleg å ha berre eit sentralsjukehus i fylket og leggje ned dei fire lokalsjukehusa.

Sogn og Fjordane hadde då sjukehus på Eid, i Florø, Høyanger og Lærdal, eit tilfeldig lappeteppe vi fekk på 20- og 30-talet. Det var eit resultat av ein omstridd miks av sentralplan og fylkesmann med eit solid tillegg av rikmannsgåver (Eid), innsamlingsaksjonar (Florø og Lærdal), og industrimakt (Høyanger). Fylket overtok sjukehusa etter krigen. Fram til byrjinga av 60-talet levde dei eit nøkternt liv på sparebluss. Men i 1963 byrja ein komité leia av fylkeslege Harald J. Blaauw å sjå på korleis ein kunne modernisere sjukehusa i fylket. Komiteen foreslo å halde oppe dei fire sjukehusa, men ville flytte sjukehuset i Lærdal til Sogndal, og gjere det til eit spesialisert sjukehus for heile fylket.

Med dette gjekk startskotet for den moderne sjukehusstriden. Han prega kvart einaste fylkesting frå 1965 og eit par tiår framover. Den kongelege resolusjonen av 23. juli 1971 frå Bratteliregjeringa som fastslo at det skulle byggjast nytt sentralsjukehus i Førde, og at sjukehusa på Eid, Florø og Høyanger skulle få nye funksjonar, gav Ap eit alvorleg banesår i fylket. Sp, som hadde klart flest sentralsjukehustilhengjarar på fylkestinget, vridde seg, då som no, unna alle skadeverknader.

Sjukehusstridens politiske geografi har vore mest den same heile tida. Indre Sogn og Nordfjord mot Sunnfjord og delar av midtre og ytre Sogn. Kartet som viser den kommunevise røystinga på fylkestinget under sentralsjukehussaka i 1968, er bortimot, men ikkje heilt, identisk med kartet over korleis representantane på nominasjonsmøtet til Ap røysta i 2010. Høyanger og Flora har skifta side, naturleg nok.

Ingar Sveen konstaterte i 1982 at det var liten partipolitisk samanheng i røystegjevinga i sjukehussaka. Lokale eigeninteresser, kommunikasjonsmessige og praktiske fordeler og næringspolitiske interesser gjorde seg sterkt gjeldande for begge fraksjonar.

Slik er det enno. Geografi, eigeninteresser og lokal tilknyting er betydeleg viktigare enn partipolitikk. Men det er nok ein gong Ap som må ta smellen. Fordi Ap er arkitekten bak den utskjelte føretaksmodellen, og fordi partiet har både helseminister og styreleiar i Helse Førde.

For Ap nasjonalt er det berre éin leveleg utgang på denne uverdige saka: Snu i tide! Og dét hastar. Avvikl deretter dei direktørrike regionale helseforetaksmonstra. Skulle det likevel gå riktig ille, kan vi, om ikkje anna, glede oss over at ein helseminister frå snyltarpartiet Frp får lokalsjukehussakene i fanget etter valet i 2013.

Denne teksten er trykt som Innhogg i Sogn Avis laurdag 11.12.2010

twitter.com/georgar


• Les Georg Arnestad sin kommentar på Sognabloggen ved å klikke her eller på overskrifta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar