søndag 12. desember 2010

Ungdomsrådet møter Strøm-Erichsen


PORTEN.NO Ungdomen mobliserer

Ungdomane i Lærdal mobliserer i sjukehusdebatten, og tek no steget vidare til Volda, der dei vil overrekkje statsråden eit dokument som vil belyse deira argument. Innhaldet vert offentleggjort i det dei møter Anne-Grethe Strøm-Erichsen.

- Me vonar ministeren no ser alvoret i denne saka, og forstår at dette er noko som engasjerer alle grupper i samfunnet, unge som gamle. Dersom me skal flytte attende til bygdene treng me arbeidsplassar, seier Helge Bjørkum i ungdomsrådet.

Viktige arbeidsgrupper
Han ser at lokalsjukehuset i Lærdal rommar to viktige arbeidsplassgrupper.
- Kompetansearbeidsplassar og ikkje minst kvinnearbeidsplassar. Desse har me rett og slett ikkje råd til å miste. I tillegg er sjukehuset sjølve tryggleiksbasen og limen i lokalsamfunnet vårt.

Konsekvensar over tid
Bjørkum meinar at dersom sjukehuset vert nedlagt er det få verksemder som vil verte direkte berørt, men over tid vil det få store konsekvensar på fleire områder.

- Folk flytter frå bygdene våre. Det tyder at næringsliver får mindre kundegrunnlag. Store verksemder som til dømes Hydro i Årdal, vil kanskje slite med rekruttering fordi det ikkje lenger er trygt å jobba og bu her, seier Bjørkum vidare.

Treng lokalsjukehusa
Nestleiaren i ungdomsrådet kjem òg inn på korleis tryggleiken med å ha eit sjukehus i nærområdet påverkar busetnaden i kommunane.

- Det er ingen som vil bu her med tanke på tryggleik. Me vil ikkje føde ungar i ein tunnel til Førde, og me vil ikkje reise til Førde dersom borna vore får brot i foten. Skal det lyse i stille grender i framtida, må me ha lokalsjukehusa våre med det innhaldet me har idag, avsluttar den engasjerte ungdomen.


• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar