lørdag 11. desember 2010

Stille markering


SOGN AVIS Det blir markeringar i Sogn og Nordfjord som reaksjon på vedtaka i Helse Vest om nedlegging av akutt- og fødetilboda ved lokalsjukehusa.

Markeringa skjer måndag ettermiddag.

– Me fekk ei utfordring frå ungdomsrådet i Lærdal. Den utfordringa må me sjølvsagt ta, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal, varaordførar i Årdal.

Initiativet kjem opphavleg frå Nordfjord og med Årdal på laget, blir det markeringar i Svelgen, Måløy, Selje, Eid, Hornindal, Sandane, Stryn, Aurland, Lærdal, Årdalstangen og Øvre Årdal. Det blir samling rundt julegranene på torget med synging av «Det lyser i stille grender» og appellar mot nedleggingsplanane.

– Ta med lykt, oppmodar Hollevik.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar