onsdag 7. desember 2011

Sogn og Fjordane: – Tvingar gjennom strukturendringar


FJORDABLADET I Sogn og Fjordane er samhandlingsreforma ei pengebyttereform. Dette fordi at kommunane ikkje har blitt sett i stand økonomisk og fagleg til å organisere reforma.


Dette sa Åge Starheim då Stortinget behandla Helse- og omsorgskomiteen si innstilling tilløyvingar på Statsbudsjettet for 2012.

Som eksempel kan eg nemne at Eid kommune får vel seks millionar kroner til reforma. I løpet av 2012 skal Eid kommune betale seks millionar kroner til Helse Førde for å dekke den 20 prosentdelen, som dei er pålagt av staten til å betale for medisinsk behandling. Då har ikkje Eid kommune mykje pengar til å utvikle vidare tilbod til å kunne behandle pasientar i nærmiljøet i kommunen, slik samhandlingsreforma legg opp til, sa Starheim og la til at kanskje dette er ein av strategiane til helseministeren, for å gjere sjukehuset på Nordfjordeid om til eit medisinsk senter.

– Etter kvart skjønar eg strategien til helseministeren, når ho har tvinga gjennom ei strukturendring ved sjukehuset på Nordfjordeid, frå å vere eit fullverdig og godt lokalsjukehus, til no å verte eit medisinsk senter.

Når helsedepartementet påstår at reisetida frå Nordfjordeid til sjukehuset i Volda på Søre Sunnmøre, etter at Kvivsvegen er opna, ikkje er lenger enn 15 minutt, viser det kor lite kunnskap den faglege leiinga i departementet har om geografien i dette området. Den reelle reisetida frå Nordfjordeid til Volda etter at Kvisvegen er opna vil verte 45 minutt, og ikkje 15, og frå Ytre Nordfjord til fødeavdelinga i Volda vert reisetida i beste fall to timar. No er det å å seie at reisetida frå Ytre Nordfjord til fødeavdeling innan same helseføretak er fire til fem timar, medan det tek ein time frå Ytre Nordfjord til noverande fødeavdeling på Nordfjordeid, som no vert lagt ned, sa Åge Starheim og la til.

– Det er ikkje rart, at det vert teke avgjerder om sentralisering av helsetenester med den manglande kunnskap byråkratiet og den politiske leiinga har om distrikts-Noreg.


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar