mandag 12. desember 2011

Krev at fødestovene får ein ny sjanse

NATIONEN.NO  Representantar for dei fire fødestadene som vart ramma av vedtaket om å avvikle dei forsterka fødestovene, krev at regjeringa ser på saka på nytt. 

—Avviklingsvedtaket frå regjeringa er gjort på udokumenterte utspel og påstandar frå eit snevert fagmiljø, som tviheld på eit kart som aldri har stemt med røynda, seier koordinator Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa.

I ein kronikk i Nationen måndag krev ho og tre andre representantar for fødestadene som vart ramma av regjeringas vedtak å avvikle dei forsterka fødestovene 1. april i år, at avviklingsvedtaket vert oppheva.

—Vedtaket er ulogisk og byggjer på eit premiss om at fødselskomplikasjonar kan føreseiast. Det kan dei ikkje alltid. No syner det seg at Statens helsetilsyn heller ikkje hadde statistisk belegg for å seie at det skjer fleire skadar på dei forsterka fødestovene. Det vert berre verre og verre, seier Øien Hauge.

—Ikkje tilfeldig utspel

Bakgrunnen for kravet frå Øien Hauge er dei nye opplysningane NRK Sogn og Fjordane nyleg avdekte, som syner at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk belegg for å seie at det er meir risikabelt å føde ved dei forsterka fødestovene.

Det strid mot helsetilsynsdirektør Lars E. Hanssen sine åtvaringar frå desember 2010, då han varsla Helsedepartementet om at risikoen for fødselsskadar er større på dei små fødeavdelingane og dei forsterka fødestovene enn på ordinære fødestover.

Konklusjonen bygde på ein førebels gjennomgang av 81 innrapporterte alvorlege skadar eller død under fødsel i treårsperioden mellom 2006 og 2008.

Åtvaringane frå Helsetilsynet vart via stor plass i media, og Hanssen vart mellom anna sitert på at dei små, lokale fødestovene ikkje er noko problem, fordi dei sender risikofødslane vidare til større fødeavdelingar, medan dei små fødeavdelingane, inkludert forsterka fødestover, som skal ha beredskap for keisarsnitt, er sårbare.

Øien Hauge og dei tre andre kronikkforfattarane skriv at signala frå Helsetilsynet var eit «tungt innspel» då regjeringa fire månader seinare vedtok å avvikle ordninga med forsterka fødestover.

—Utspelet frå tilsynsdirektøren var ikkje tilfeldig. Det kom berre nokre få dagar etter den store lokalsjukehusdemonstrasjonen framfor Stortinget. Eg trur Hanssen var aktivt med på å snu opinionen etter demonstrasjonen, seier Øien Hauge.

—Regjeringa må klargjere

Hanssen avviste i Nationen førre veke at han har gjeve råd eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda. Han synte også til at det er rutine å varsle departementet om pågåande prosessar i tilsynet.

Statssekretær Robin Kåss (Ap) i Helsedepartementet har synt til at talmaterialet ikkje har vore avgjerande for avviklinga av dei forsterka fødestovene. Kåss seier det på dei forsterka fødestovene var ein del rutinar og måten ein jobba på som auka risikoen for feil, og at det difor er teke grep for å endre rutinane.

Øien Hauge er ikkje overtydd og vil ha regjeringa til å klargjere kva som var grunnlaget for avgjerda om avvikling.

—Den norske jordmorforeining har sagt at dei ikkje har gjeve råd om at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned. Eg veit at Legeforeininga heller ikkje tilrår dette. Og no har ikkje heller Helsetilsynet statistisk belegg for utsegna. Skrellar ein av alle desse tinga, kjem ein til at regjeringa har lent seg på eit snevert fagmiljø i denne avgjerda. Skal regjeringa ha tillit, må ho syne til at vedtaket er reelt og konkret fagleg fundert, seier Øien Hauge.

—Vi er ikkje samde i at det er meir uforsvarleg ved dei forsterkte fødestovene. Praksis syner tvert om at akuttberedskapen som finst der i nokre tilfelle er heilt avgjerande. Frå tid til anna oppstår det fødselskomplikasjonar som ikkje kan føreseiast, og då har det med tryggleiken å gjere om ein har ei fødestove med eller utan lege i nærleiken, seier ho.

• Les saka i Nationen ved å klikke her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar