mandag 19. desember 2011

Tilsette: –Positivt med seinare framdrift


SOGN AVIS Helse Førde vedtok torsdag å gje Lærdal meir tid når dei skal gjennomføra planlagde kutt.

– Me ser det sjølvsagt som positivt at gjennomføringa går seinare enn det var lagt opp til. Dette var også eit ønskje frå vår side.
Det seier plasstillitsvald for NITO ved sjukehuset i Lærdal. Kari Grøttebø og andre tillitsvalde åtvara før styremøtet i Helse Førde mot dei planlagde kutta og meinte det ville gå ut over akuttberedskapen ved lokalsjukehusa. I tillegg til talet på senger, blir det også fjerna ein radiolog og gjennomført kutt i bemanninga på laboratoriet.
– Me hadde sjølvsagt ønskt at det me peika på, vart gjort noko med. Me ser lysare på situasjonen no, men hadde helst sett at fleire av punkta vart gjort om.
Meir tid?
Styret i helse Førde vedtok torsdag å redusera talet på senger på medisinsk avdeling i Lærdal og Eid til 15.
Men styreleiar Clara Øberg fekk styret med seg på at gjennomføringstidspunktet måtte vurderast fortløpande.
– Spørsmålet er kor klare kommunane er til å ta vare på dei pasientane som kjem frå sjukehusa i samband med samhandlingsreforma.
Øberg fekk styret med seg på følgjande formulering:?På bakgrunn av synspunkt frå ordførarar i dialogmøtet 9. desember og andre innspel, ber styret om eiga sak med fornya vurdering av tempoplanen for denne omstillinga.
Samarbeid
Øberg fekk følgje av Jorunn Ringstad.
– Det er viktig å tenkja på samarbeidet som må vera mellom kommunane og Helse Førde i samband med samhandlingsreforma. Me må difor vera sikre på at kommunane kan gjera sin jobb slik at me er sikre på å få til eit godt samarbeid. Me skal ikkje rokka ved talet på senger, det står klart i den vedtekne føretaksprotokollen at desse skal reduserast til 15. Men eg er open for å sjå på tempoplanen i denne samanheng
Usikker
Knut Cotta Schønberg var også usikker i høve til framdriftsplanen.
– Me er i ein organisasjon i kontinuerleg omstilling og då kan einskilde føla at dei blir hardt råka. Men me må sjå på tempoet me reduserer talet på sengeplassar på. Det er viktig å ha ein balanse i dette slik at me ikkje kjem i ein situasjon med for få senger.
Omkamp
Harry Mowatt meinte framlegget frå Øberg var ein klar invitasjon til omkamp.
– Gjennomfører me ikkje dette no, blir me sitjande med same sengetal som i dag til evig tid. Når det gjeld beredskapen i høve til pasientane, så bør me sikra dette gjennom ein betre strategi for å ta imot fleire pasientar her i Førde.
Trude Brosvik meinte dette ikkje var invitasjon til omkamp.
– Dette er nybrotsarbeid for kommunane og me må kunna bruka litt folkevit også.
Mowatt ville ikkje inn i ein diskusjon om kven som hadde det beste folkevitet og slo fast at han trudde pasientane ville få det betre med eit godt tilbod ved sentrasjukehuset. Men vart han ståande åleine i avrøystinga, så ville ha røysta for framlegget frå Øberg.
Pasientane
– Som den greie karen eg er, som han sa.
Øberg sa til Sogn Avis etter møtet at ei for rask gjennomføring kan gå ut over pasientane.
– Det er nokre kommunar som er lite langt komne når det gjeld samhandlingsreforma. Me kan ikkje gå for fort fram i høve til den kapasiteten kommunane har til å stetta sine plikter i samhandlingsreforma. Og alt skal ikkje vera på plass før i 2016, minnar Øberg om.

• Les saka i Sogn Avis ved å klikke HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar