torsdag 22. desember 2011

Halvparten av kommunane i Nordfjord uten jordmortilbod



FJORDABLADET.NO   – Hausten 2012 vert fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus lagt ned.  Dette vil for dei aller fleste kvinnene i Nordfjord bety vesentleg lengre reiseveg til fødeavdeling.  Slik det er i dag er det berre Stryn kommune som har følgeteneste med jordmor.

Dette skriv kommunejordmødrene i Nordfjord i eit brev til helse- og omsorgsdepartementet, og viser til framtidig svangerskap- fødsels-og barselomsorg i Nordfjord.

– Det er med stor bekymring vi ser på at jordmortilbodet til kvinnene i Nordfjord vert amputert. Per i dag er situasjonen slik for Nordfjordkommunene:

* Stryn har 100 prosent jordmorstilling(inkl. følgeteneste). Tal innb.7084
* Vågsøy har 100 prosent jordmorstilling (ubesatt). Tal innb. 6112
* Selje har 40 prosent jordmorstilling Tal innb. 2820
* Gloppen har 40 prosent jordmorstilling Tal  innb. 5699
* Eid har 20 prosent jordmorstilling Tal innb. 5928
* Hornindal har 10 prosent jordmorstilling Tal innb.1214

(Kjelde innbyggartal: SSB per 1.7.11)

Kommunejordmødrene viser vidare til at Eid og Hornindal kommunar har i ei årrekkje kjøpt jordmorteneste i frå Helse-Førde. Desse avtalane går ut 1.mars 2012. Dette resulterer i at halvparten av kommunane i Nordfjord vil stå uten jordmortilbod etter den datoen.

– Så langt vi kjenner til, har ikkje desse kommunane iverksett konkrete tiltak for å dekkje dette behovet, noko som i seg sjølv er bekymringsfullt.  Ifølge kommunehelseloven paragraf 1-3 plikter kommunane seg til å ivarta dette tilbodet. Vågsøy kommune har i ei årrekkje hatt 50 prosent stilling, denne er blitt auka til 100 prosent i haust – stillinga er per dags dato dessverre ikkje besatt, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord.

– Hausten 2012 vert fødetilbodet ved Nordfjord sjukehus lagt ned, dette vil for dei aller fleste kvinnene i Nordfjord bety vesentleg lengre reiseveg til fødeavdeling.  Slik det er i dag er det berre Stryn kommune som har følgeteneste med jordmor.
I følge Medisinsk fødselsregister er det 1,9 prosent av kvinnene i Sogn og Fjordane som føder utenfor institusjon. Dette er den høgaste prosenten i landet. Gjennomsnittet er på 0,8 prosent. Dette syner at det allereie no er eit stort behov for følgeteneste med jordmor ute i kommunane, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord og viser til at frå 1.januar 2010 vart ansvaret for beredskap- og følgeteneste lagt til helseforetaka.

– Kommunane har framleis ansvar for svangerskaps- og barselomsorga. Til tross for at det er to år sidan dette vart vedteke har det per dags dato ikkje skjedd nokon endringar i denne samanheng. Med sammhandlingsreforma vil kommuna få eit auka ansvar i forhold til barselkvinnene. Tidleg heimreise vil gje kommunane ei auka utfordring, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord og spør:

Kva no?
Kven tek ansvar?
Kvinnene er urolege og har krav på å vite kva som skjer i framtida.

Hensikta med eit lovverk er vel at det skal iverksettast og komme brukarane til gode. Bekymringsfullt er det òg at det samla sett ikkje er meir enn 10 jordmødre i Nordfjord. Halvparten av desse er over 50 år, og den yngste flyttar i løpet av kort tid frå Nordfjord. Ei har allereie fått seg ny jobb og dei fleste andre ser seg om etter nye arbeidsområde, helst utanfor den offentlege helse- og sosialsektoren, skriv kommunejordmødrene i Nordfjord i brevet til Helse- og omsorgsdepartementet og viser til ei lita historie frå Nordfjord Sjukehus.
  
– Nattevakt, der er tilfeldigvis to jordmødre på vakt. Det ringjer ei kvinne, og melder seg på grunn av fødsel og det viser seg snart at ho treng følgje. Forventa reisetid 1,5 timar. AMK etterlyser vakthavande kommunejordmor. Dette finst ikkje i nokon av dei fire berørte kommunene som kvinna måtte køyre gjennom. Dette burde AMK vere orientert om! Løysinga vart at ei av jordmødrene på «føden» rykte ut. Fem minutt etter at jordmor ankom ambulansen var barnet født. Det gjekk bra denne gongen.

Blir ikkje betre
– Dette er på ingen måte ei utvikling vi jordmødre er fornøgde med. Tilbodet vert tilsynelatande ikkje betre heller. Dette er ikkje rekrutterande, det er lite framtidaretta og lite robust, noko som vil være svært uheldig for Nordfjord. Vi har i alle år prøvd å få  kommunane til å auke opp jordmorstillingane. Vi har etterlyst følgeteneste i 28 år og vi har kjempa med nebb og klør for å behalde fødeavdelinga ved Nordfjord Sjukehus. Dette har vi heller ikkje lukkast med. Er det verkeleg slik vi vil at fødande i Nordfjord skal ha det i framtida?, spør kommunejordmødrene i Nordfjord i eit ope brev til Helse- og omsorgsdepartementet, med kopi av brevet til: Helse og omsorgskomiteen ved Bent Høie, Helsedirektoratet v/Bjørn Inge Larsen, Helsetilsynet v/Lars E. Hanssen, rådmennene og ordførarane i Nordfjordkommunane og klinikkdirektør i Helse-Førde ved Tore Dvergsdal.

• LES SAKA I FJORDABLADET VED Å KLIKKE HER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar