onsdag 5. oktober 2011

Nordfjord: Fastlegane vil ha ei hand på rattet


FJORDABLADET: – Det bør etablerast ei felles avansert sjukeheimsavdeling i tilknyting til Nordfjord Legevakt. Det meiner fem av fastlegane ved Eid legekontor. Dei ber om å få ei sentral rolle i det vidare arbeidet med å tilrettelegge samhandlingsreforma.


Samhandlingsreforma inneber at kommunane skal ta eit større ansvar for pasientar som ikkje treng å vere innlagt på sjukehus, men som treng meir avansert behandling eller tilsyn enn det som til dagleg vert utført på dagens sjukeheimar. I samhandlingsreforma vert det lagt opp til at fleire kommunar skal samarbeide om det som vert kalla ei intermediær avdeling og som kan samanliknast med ein avansert sjukeheim.

Sentral rolle

Kommunane i Nordfjord har allereie fått midlar til å utgreie nokre prosjekt innan samhandling. Fastlegane i Eid meiner at det er heilt avgjerande at dei sjølve får ei sentral rolle i det vidare arbeidet med lokaltilpassing av samhandlingsreforma. Det er dei som kjenner det allmennmedisinske terrenget og veit kva for tilbod det er trong for, og i kva retningar samhandlinga bør gå. Legane fryktar at det kan bli eit konsept bygt rundt Helse Førde, dersom utgreiingane i ein tidleg faste berre føregår på eit høgare administrativt nivå.


• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar