
SOGN AVIS Lucas debuterte i dag på talarstolen i kommestyret i Årdal.
Han entra talarstolen saman med mamma, varaordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal, då kommunestyret i Årdal vedtok ei skarp fråsegn mot Helse Førde si handtering av fødetilbodet ved Lærdal sjukehus.
– Me er haldne for narr, det finn me oss ikkje i lengre, sa Hollevik Brandsdal mellom anna.
Fråsegna vart samrøystes vedteken av kommunestyret. Det heiter mellom anna at det er ein falitterklæring at arbeidsgruppa som vart sett ned for å sjå på moglegheitane for å etablera ei jordmorstyrd fødestove i Lærdal konstaterer at ein ikkje har evna å rekruttera jordmødrer.
– Det er nærliggjande å stilla spørsmål ved om det har skorta på vilje i rekrutteringsarbeidet, heiter det.
• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar