
SOGN AVIS Dersom det ikkje kan etablerast ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal, lovar ikkje det godt for det vidare samarbeidet mellom kommunane og Helse Førde.
Mistillit
Ordførarane syner til at eit møte i Sogndal i august som kommunane i Sogn hadde med Helse Førde der det vart gjeve positive signal om samarbeid og vilje frå partane til å få ei fødestove på plass.
–Overraskinga og vonbrotet var difor stort då me vart gjort kjende med konklusjonane i rapporten. I møtet vart det lova at kommunane skulle få tilbakemelding før innstillinga gjekk vidare dersom innstillinga var negativ. Dette skjedde ikkje og er uttrykk for tillitsbrot mellom Helse Førde og kommunane, skriv ordførarane i brevet, som meiner at ei slik tilbakemelding med ein open invitasjon til å komma med merknader til innhaldet i rapporten, ville ha sikra kvaliteten på faktagrunnlaget og avklart kva kommunane måtte bidra med fram mot ei løysing.
Konflikt
Lægreid og Sanden syner også til at etter mange år med konflikt mellom Helse Førde og kommunane i regionen, var dei sikre på at det nemnde møtet i Sogndal var vendepunktet for eit konstruktivt samarbeid mot felles mål.
– Vendinga saka har teke no får oss til å tru at det skortar på viljen i Helse Førde til å oppretta ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal. Vi meiner at dette ikkje er i samsvar med Helse Vest si bestilling til føretaket, og følgjeleg ikkje oppfølgjing av Regjeringa sitt vedtak og bestilling til Helse Vest. Me meiner at grunnlaget for etablering av ei jordmorstyrt fødestove i Lærdal framleis er til stades, men mangelen på tillit til at Helse Førde verkeleg vil dette, gjer at vi med største alvor ser oss nøydde til å be om møte med styreleiaren i Helse Vest. På bakgrunn av ein langvarig og særs krevjande politisk prosess, var vi tilfreds med at avklaringa frå Regjeringa kom i vår, heiter det.
Avgjerande
Ordførarane meiner det er avgjerande viktig at dei aktuelle kommunane og Helse Vest bringar denne saka tilbake på det sporet Regjeringa la opp til.
–Å mislukkast på dette området er særs alvorleg for dei fødande i regionen og lovar heller ikkje godt for pågåande samarbeid med Helse Førde om lokalmedisinsk senter, interkommunal legevakt, samhandlingsreforma og anna. I yttarste konsekvens kan utviklinga i saka påverka kommunane til å vurdera alternativ tilknytingsform til helseføretak, går det fram av brevet.
• Les saka i Sogn Avis ved å klikke her eller på overskrifta
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar