lørdag 30. januar 2010

Helse Førde-styret: Ingen felles kandidat frå Nordfjord


FJORDABLADET Nordfjord-kommunane har foreslått seks ulike personar som kandidatar til styret i Helse Førde. Regionen samarbeider ikkje om å få inn kandidatar i føretaksstyret.

I byrjinga av desember fekk alle kommunane invitasjon frå Helse Vest til å kome med kandidatar til styra i helseføretaka. Fylkesutvalet foreslo kort tid etter attval på Jorunn Ringstad (Sp, Askvoll), Clara Øberg (Ap, Sogndal) og Harry Mowatt (Ap, Leirvik), samt Arve Mjømen (H, Gulen). Altså ingen kandidatar frå Nordfjord.

Torsdag handsama formannskapet i Eid saka, dagen før fristen for å melde inn aktuelle personar.

Hundeide og Hansen takka nei
Kristen Hundeide (H), tidlegare Eid-ordførar, var spurt om å vere Eid sin kandidat til Helse Førde-styret, men han har takka nei grunna helsesituasjonen i nær familie.
– Det er eit veldig tungt verv og slett ikkje noko solskinsverv. Eg sa ikkje nei fordi eg ikkje er interessert, eg har veldig stor interesse for vervet, seier Hundeide.

Rolf Lefdal (Ap) meinte formannskapskollega Oddvin Hansen (H) burde ta vervet. Spørsmålet kom bardust på Hansen.
– Eg er motstandar av helseføretaka og måten dei er organiserte på. Då blir dilemmaet om ein skal seie ja til å sitje i noko som ein er imot, seier Hansen dagen etter møtet. Han trur ikkje svaret hadde blitt annleis om spørsmålet hadde kome tidlegare.

– Håplaust og udemokratisk
Fleire av politikarane i formannskapet uttrykte frustrasjon over prosessen i valet av kandidatar til Helse Førde-styret. Kjell Magne Åshamar (Sp) kalla saka den mest udemokratiske prosessen han nokon gong har vore bort i.
– Vi organiserer oss for dårleg for å få gjennom noko. Fylkesutvalet er ferdig med sitt val for lenge sidan, og Nordfjord blir ikkje samde. Helse Vest får full fridom til å plukke sine favorittar. Dette viser kor håplaus modellen for styringa av helseføretaka er, det er så langt frå demokrati ein klarer å kome her i landet, sa Åshamar.

Seks kandidatar
Han foreslo Asgeir Solheim (Sp) frå Vågsøy og Jakob Hammer (H) frå Stryn.
Hammer er foreslått av Gloppen kommune, medan Solheim er foreslått av Selje, Vågsøy og Bremanger saman med Liv Stave (H) og Jorunn Frøyen (H).
Stryn sin kandidat er Kristen Hundeide som altså har sagt nei, medan Hornindal ikkje har sendt inn framlegg.
Gloppen har også foreslått attval på Anni Felde (Sp).

• Les saka i Fjordabladet ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar