torsdag 24. juni 2010

Lærdal kommunestyre: Ville ikkje uttale seg om sjukehus

I forkant av møte i Lærdal kommunestyre 24. juni hadde vararepresentant for SV, Bente Øien Hauge levert inn eit framlegg til uttale, sjå under. Varaordførar Lars Petter Nesse, Sp, gjekk imot at kommunestyret skulle få handsama uttaleframlegget. Han fekk gjennomslag for dette i møte med gruppeleiarane. Nesse heldt fram at ein no måtte akseptere forandringar og ikkje kjempa for at alt skulle vere som det var.


FRAMLEGG TIL UTTALE FRÅ LÆRDAL KOMMUNESTYRE, 24. JUNI 2010

Lærdal kommunestyre reagerer sterkt på Helse Førde sitt vedtak (Sak om "målbilete og modell for somatiske spesialisthelsetenester i Helse Førde HF mot 2020") frå 18. juni.

Vedtaket betyr i realiteten ei nedlegging av lokalsjukehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Om vedtaket vert gjennomført vil det setje desse to regionane fleire tiår attende. På vegne av innbyggjarane våre krev vi at helseministeren og regjeringa tek grep som sikrar vidare drift av lokalsjukehusa på minimum dagens nivå.

Sogn og Fjordane har meir spreidd busetnad enn mange andre fylke, og difor er det naudsynt med ein sterkare desentralisert modell for spesialisthelsetenesta her. Regjeringa har gått til val på desentraliserte sjukehustenester.

Vi kan ikkje godta at Helse Førde neglisjerer politiske styringsdokument når det gjeld sjukehusstrukturar. Nedlegging av lokalsjukehus er i strid med regjeringa sine lovnader og intensjonar om likeverdige spesialisthelsetenester. Både under helsestatsråden og andre representantar for regjeringa sine besøk i fylket har det vore presisert at sjukehus ikkje skal leggjast ned. Statsråden har forsikra at ein skulle ha lokalsjukehus med akuttberedskap og sengepostar. I regjeringserklæringa står det heilt tydeleg at ein skal ha nærheit til akuttberedskap og fødetilbod. Korkje administrasjon eller styret i Helse Førde ser ut til å ta ovannemnde styringssignal på alvor.

Med vedtaket frå Helse Førde får ein ikkje ein spesialisthelsetenestemodell som gjev trygge og likeverdige helseteneste for Indre Sogn og Nordfjord. I desse regionane har ein behov for ei meir stabil spesialist¬helseteneste enn det lokalmedisinske sentre med polikliniske tenester kan gi.

Ingen har oversikt over kva konsekvensar dette vil få for pasientane og kostnadsutviklinga for helsevesenet på ulike nivå i fylket. Fleire av føresetnadene vedtaket i Helse Førde byggjer på er ulogiske. Det aukande talet eldre, ikkje berre i Sogn og Fjordane, men i heile landet, tilseier at ein vil få langt større - ikkje mindre - behov for sjukehustenester i framtida. Pasientar står i kø for å få hjelp ved dei ortopediske avdelingane i Lærdal og Eid. Dei indremedisinske avdelingane har høgt belegg. Til tross for dette vil Helse Førde leggje ned dei to lokalsjukehusa, og bygge ned behandlingskapasiteten totalt sett med sju prosent.

Vedtaket frå Helse Førde viser heilt klart at det er behov for ei heilskapleg styring av spesialisthelsetenestetilbodet i heile landet, tufta på geografi og innbyggjarane sine behov. Skeivfordeling av løyvingar til helseføretaka, ”kalkulatormetoden” og sentraliseringsinteresser må ikkje få rasere den viktige tryggleiksbasen for liv og helse i Indre Sogn som Lærdal sjukehus representerer. Når vi ser den manglande politiske forankringa og korleis både nasjonale og lokale omsyn blir sett til side, er det på tide å finne nye styringsmodellar for spesialisthelsetenesta.

Lokalsjukehus kan behandle vanlege sjukdomar og skader med fagleg godt resultat og med god pasienttilfredsheit. Lokalsjukehuset er ein viktig tryggleiksbase for sjuke og skadde. Både ved byrjinga av livet og mot slutten er det viktig å unngå unødig lange ambulansetransportar og opphald langt frå heimstaden. Lokalsjukehuset si betydning for industri og næringsliv er også framheva av sentrale aktørar som Hydro. Lærdal sjukehus er også viktig for å kunne tilby eit kompetansekrevjande arbeidsmiljø i regionen. Nedlegging av sjukehuset vert som ei omdefinering av Indre Sogn til eit øydemarksområde.

Vi kan ikkje akseptere ei nedlegging av Lærdal sjukehus. Lærdal kommunestyre krev at regjeringa sine lovnader til innbyggjarane i Sogn og Fjordane vert følgde opp med midlar og handling før helsetilbodet i fylket vårt vert rasert.

2 kommentarer:

  1. Det er samme herskemetode som under okkupasjonen, å nekte folk å ytre seg eller diskutere!

    SvarSlett
  2. Sentrale aktørar som Hydro - opprettheld dei sin eigen beredskap framover, då?

    SvarSlett