torsdag 3. januar 2008

Jordmor på Nordfjordeid: - Ha fødestove i byane!

- Det er byane som bør ha jordmorstyrde fødestover og ikkje distrikta. Det meiner overjordmor Linda Grotle Hauge ved sjukehuset på Nordfjordeid.

Norsk gynekologisk foreining meiner fødeavdelinga på Nordfjordeid bør reduserast til fødestova fordi fødselstalet er for lågt. Det er ikkje Grotle Hauge samd i. - Det kan lagast til ei fødestove i nær tilknyting til dei store sjukehusa slik at du kan få hjelp viss du får bruk for det. Er du på Nordfjordeid eller i Lærdal, og du står utan gynekolog, er det langt til næraste sjukehus, seier ho.

Spørsmålet om Nordfjordeid med sine knapt tre hundre fødslar sist år, bør bli såkalla jordmorstyrd fødestove i samsvar med Stortinget sine føresetnader, vart aktualisert onsdag då leiar i Norsk gynekologisk foreining, Rolf Kirschner, gjekk ut og sa at Nordfjordeid bør ha fødestove.

- Det kan bli ei jordmorstyrt fødestove for friske fleirgangsfødande på Nordfjordeid. Dette er basert på faglege vurderingar, og eg er sikker på at mange av kollegaene i Sogn og Fjordane vil seie seg samd i dette, seier han.

DINOSAUR
Reaksjonane let ikkje vente på seg, og Bente Øien Hauge i Folkerørsla for lokalsjukehusa karakteriserer Kirschner som ein dinosaur. - Han tviheld på eit standpunkt som han vert meir og meir åleine om. Både fagmiljø og politiske miljø ser at å leggje om til fødestover i distrikta er ein dårleg veg å gå, seier ho.

• Les heile saka på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar