fredag 18. januar 2008

Nye medlemmar frå SFj til Helse Vest-styret

Stryneordførar Nils P. Støyva blir nytt styremedlem i Helse Vest. Utnemninga skjer i føretaksmøtet 25. januar.

Også Gerd Dvergsdal, ordførar i Jølster, går inn i Helse Vest-styret. Gunvor Sunde frå Gloppen har vore styremedlem i inneverande periode, men får ikkje fornya tillit av helseministeren.

Helse- og omsorgsministeren offentleggjorde i dag utnemninga av nye styremedlemmer i helseregionane og seier ho er godt nøgd med samansetjinga av dei nye styra.

Sogn og Fjordane har vore representert ved Gunvor Sunde frå Gloppen og Ap i siste periode. Ho var ein av dei fire kandidatane fylkesutvalet føreslo til å sitje i styret i neste periode. Dei tre andre kandidatane frå fylkesutvalet var Gerd Dvergsdal, Jarle Skartun og Nils P. Støyva.

• Les heile saka i Fjordingen på nett ved å klikke på overskrifta her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar