mandag 25. februar 2008

Anny Felde om lokalsjukehus i Stortinget (1997)

Kanskje har alle me som slåst for akuttberedskap og fødeavdeling på lokalsjukehuset likevel grunn til å gle oss over at Anny Felde er komen inn i Helse Førde-styret? For sjå kva ho sa i Stortinget den 11. juni 1997:

Anny Felde (Sp) : "For å lukkast med å setje alle pasientar i sentrum, pasientar med ulike kroniske lidingar, barn og vaksne med psykiske lidingar, rehabiliterings- og habiliteringspasientar, og pasientar med akutte tilstandar med behov for spesialisthelsetenester, er Senterpartiet glad for at fleirtalet vil arbeide for eit sterkt offentleg helsevesen. Dette er nødvendig for å sikre alle lik moglegheit til behandling og likeverdige tilbod, og for at ein skal få mest mogleg helse igjen for dei store ressursane ein set inn på denne sektoren.

Senterpartiet er glad for at det er fleirtal i komiteen for å halde oppe dei sjukehusa vi har, og er tilfreds med at det er fleirtal for å styrkje det samla akuttmedisinske tilbodet, at det vert utarbeidd krav til dei ulike ledda i den akuttmedisinske kjeda og at dei sjølvsagt må vere forankra i faglege krav til medisinsk kompetanse og kvalitet.

Senterpartiet er òg nøgd med at fleirtalet samtidig har streka under at geografiske avstandar og mangelfulle kommunikasjonar tilseier eit høgare og breiare beredskapsnivå somme stader i landet enn kva kriteria normalt skulle tilseie når ein skal legge premissane for den akuttmedisinske beredskapen, medrekna fødetenesta. Dette må etter Senterpartiet sitt syn gje klare synspunkt frå Stortinget til departementet når dei skal legge fram forskrifter for dette.

Når det gjeld fødetenesta, er Senterpartiet tilfreds med at komiteen har gått vekk frå forslaget i meldinga om 400 fødslar som eit minimumstall for at ein skal halde på fødeavdelingar kontra å gå ned til fødestover, med den nedgangen i tryggleik det gjev.

Senterpartiet er einig i at « øvelse gjør mester », men så absolutt som meldinga legg opp til her, er å gå for langt. I område med lange avstandar, usikre transporttilhøve og mykje dårleg ver og mykje vind vil det vere ei dårleg løysing å legge lista så høgt. Senterpartiet trur at det samla kvalitetsresultatet for mor/barn over det vidstrakte landet vil verte betre med det som no ligg føre.

Det er gjerne i desse områda ein strevar med å få unge folk til å busetje seg, og då er det òg eit dårleg rekrutteringstiltak overfor unge kvinner at ein legg ned fødeavdelingar ved lokalsjukehusa.

I eit fylke som Sogn og Fjordane vil 400 som det magiske tall bety at det vert éi fødeavdeling. I dag er det tre. Der er ikkje nattferjer i alle fjordar. Reisetida på dagtid til sentralsjukehuset kan verte om lag tre timar og over det for delar av fylket. Uroa i distrikta er stor over helseministeren sitt framlegg

Rekruttering av helsepersonell er ei av dei store utfordringane for å lukkast med tenestetilbodet rundt om i landet. Erfaringane rundt om i landet er at ein kjem lengst ved å satse på utdanning av folk som har tilknyting til området. Difor er desentralisering av studentundervisninga eit rett tiltak etter Senterpartiet si meining.

Det som ikkje er godt nok utgreidd i meldinga, er samanhengen i høve det å få nok turnusplassar ved sjukehusa dersom det vert fleirtal for å gå så langt som meldinga legg opp til i å sentralisere akuttberedskapen. I Sogn og Fjordane har ein allereie gjort ei erfaring med det. Fylkeslegen i Oslo godkjende ikkje eit lokalsjukehus som fullverdig turnusplass etter at fylkeskommunen hadde teke vekk så lite som kirurgisk vaktberedskap frå fredag kl. 16 til måndag kl. 08.

Etter Senterpartiet si meining er det viktig å halde på den rekrutteringseffekten som ligg i at studentar og turnuskandidatar kjem til lokalsjukehusa våre. Det er difor ei framtidig utfordring at turnustenesta vert tilpassa det nye innhaldet som måtte kome til å ligge i lokalsjukehusa våre, slik at teneste ved lokalsjukehusa kan godtakast som ein del av praksistida for kandidatane."

• Klikk på overskrifta her for å lese saka i arkivet på Stortinget sine nettsider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar