fredag 28. mars 2008

Frå styremøtet i Helse Førde onsdag 26. mars

Under styremøtet i Helse Førde denne veka heldt styremedlem i Helse Førde og viseadministrerande direktør i Helse Vest, Helge Bryne, ei orientering om rapporten frå Magnussen-utvalet "Fordeling av inntekter mellom regionale helseforetak, Inntektsfordelingsutvalgets utredning". Helge Bryne er medlem av Beregningsutvalget for spesialisthelsetjenesten (BSU) og har vore medlem av Magnussen-utvalet.

Rapporten, som tidlegare er omtala både her og på bloggen til Folkerørsla for lokalsjukehusa, konkluderar mellom anna med at Helse Vest etter ei meir rettferdig fordeling av dei omlag 85 milliardane som spesialisthelsetenesta får, skulle fått 246 millionar kroner meir. Rapporten er ein del av bakgrunnen for "distriktsopprøret" i regjeringspartia, der politikarar frå vest, midt og nord i landet allierer seg for å få retta opp skeivheita.

Magnussen-utvalet konkluderar med at Helse Sør-Øst RHF får 781 millionar kroner for mykje. Det er sjølvsagt ikkje nokon politikar som kjem til å gå inn for å redusere løyvingane til denne regionen, som alle veit slit med store økonomiske utfordringar. Men om ein berre aukar løyvingane slik at Vest, Midt-Norge og Nord får dekka opp med dei summane Magnussen-utvalet har peikt på, er dette rettferdig? Dersom Helse Sør-Øst skal behalda sine løyvingar, burde t.d. Helse Vest faktisk få omlag 400 millionar kroner meir!

Eit anna interessant spørsmål her er: Korleis vert ei meir rettferdig fordeling handtert vidare nedover i hierarkiet? Dersom Helse Vest RHF får auka pott, vil det vera med grunnlag i dei utfordringane som spesialisthelsetenesta har i distrikt som Sogn og Fjordane. Vil morforetaket då fordela midlane innanfor foretaket etter same prinsipp, slik at det blir rettferd også for Helse Førde? Nei, det ville ikkje Helge Bryne lova under styremøtet onsdag …

• Klikk på overskrifta for å sjå presentasjonen som utvalsleiar Jon Magnussen heldt ved overleveringa av rapporten i januar i år, og som låg til grunn for Helge Bryne si orientering på styremøtet. Her ser ein og kva faktorar som ligg til grunn for utrekningane av ei rettferdig fordeling.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar