fredag 28. mars 2008

Kva meinar Sogn og Fjordane Arbeidarparti om fødetilbodet ved lokalsjukehusa?

På fylkesradioen i dag var Arbeidarparti-ordførar i Vik Marta Finden Halset sitert på at ho er open for endringar i fødetilboda i Nordfjord og Lærdal, dersom det er "fagleg forsvarleg".

Uttrykket "fagleg forsvarleg" er blitt eit begrep som helseforetaka oftast nyttar til å dekka over nedbyggingsprosessar, snarare enn til å sikra pasientar eit godt tilbod. Det er mildt sagt forbausande at ein politikar nyttar dette begrepet. Spesielt interessant er det jo at det skjer så kort tid før representantskapet for Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal vedta fylkeslaget sitt syn på spesialisthelsetenesta.

I fylkesstyret si innstilling til representantskapsmøtet (sjå under) står det at "fødetilbodet i Nordfjord og Sogn må oppretthaldast". Kva meinar Sogn og Fjordane Arbeidarparti eigentleg med å "oppretthalda"?

SEINARE TILFØYING: NRK Sogn og Fjordane har kontakta Ap-leiarane i Eid, Måløy og Årdal. Dei har sagt klart i frå om at det ikkje kjem på tale å redusere fødetilbodet ved lokalsjukehusa i Eid og Lærdal.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar