mandag 14. september 2009

Sjukepleiarane tek til motmæle: Ingen organiserte aksjonar


SOGN AVIS Sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus fortvilar over at leiinga i Helse Førde karakteriserer einskildepisodar som organsierte protestaksjonar

Sist veke vart det hevda at sjukepleiarane ved Lærdal sjukehus aksjonerte mot omorgansieringa av overvåkinga ved å gå med sørgjeband på jobb

Dette avviser sjukepleiarane på det sterkaste, og seier det nærast var galgenhumor som førte til at to av dei tok på seg sørgjeband fyrste dagen under det nye regimet.

Dumt
– Det som skjedde, skulle sjølvsagt aldri skjedd, det var dumt, det ser alle i ettertid. Men det var ikkje slik at dette var nokon organisert protest mot omorganiseringa, det var eit innfall som to kollegaer fekk, og dei knytte eit svart band rundt armen i nokre timar den dagen, meir eller mindre i rein avmakt over situasjonen, seier to sjukepleiarar som Sogn Avis har vore i kontakt med.

Torer ikkje stå fram
Dei fortel at alle er lei seg over at dette no vert karakterisert som ein protestaksjon av både klinikkdirektør Arve Varden og leiar i sjukepleiarforbundet i Sogn og Fjordane, Oddgeir Lunde.

– Dei to det gjaldt har teke dette særs, særs tungt, og me vil alle beklaga det dersom nokon av pasientane eller pårørande har kjend seg støytt over det.

Må ta til motmæle
– Det har me ikkje fått attendemeldingar om, seier dei to, som absolutt ikkje vil stå fram med namn i media av frykt for å gjera arbeidssituasjonen sin verre.

Kommunikasjonen oppover i systemet er av den typen som frontar frykt framfor trivsel, og dei to tilsette Sogn Avis har snakka med, seier dei rett og slett ikkje orkar den belastninga opp att på arbeidsoppgåvene.

Les meir om sjukepleiarane sine frustrasjonar i papirutgåva av Sogn Avis måndag.

• Les noko av saka i Sogn Avis på nett ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar