onsdag 2. september 2009

Ordførar om Helse Førde: Inkompetanse og arroganse


PORTEN.NO Ordførar Arne Sanden gir administrasjonen og styreleiinga i Helse Førde det glatte lag etter at overvakingsavdelinga på Lærdal sjukehus tysdag vart stengd på kort varsel.

Ordninga med ny turnus for OVOP avdeling Lærdal sjukehus skulle gjennomførast frå tysdag 1. september. Ein felles turnus for overvaking og medisinsk avdeling var etter det Porten.no kjenner til klar for 14 dagar sidan. Men allereie fyrste dagen skar opplegget seg, for ut på ettermiddagen tysdag kom det beskjed frå Helse Førde til avdelinga i Lærdal at denne måtte stengast, og eventuelle akuttpasientar sendast til sjukehuset i Førde.

Hårreisande
Administrasjonen i Helse Førde skulda på sjukemeldingar, at dette var grunnen til stenging. Ordførar Arne Sanden mildt sagt oppgjedd over det som har skjedd.

-Helseføretaket har jo bestemt seg for eit opplegg, og planlagt denne overgangen over lang tid. Så har dei ikkje nødvendig personale på plass for å drifte avdelinga, og må av den grunn stenge. Det er vel fyrste gongen sidan OVOP vart teken i bruk at dette har skjedd, seier Sanden. Og held fram:

-Helse Førde skuldar på sjukmeldingar, men det som er tilfelle er at ein av dei to sjukemelde har vore vekke lenge, og den andre vart sjukmeld etter at beskjeden om stenginga vart gitt til avdelinga tysdag ettermiddag. Det er altså ikkje snakk om nokon aksjon frå dei tilsette i samband med omorganiseringa i fall nokon skulle tru det. At føretaket i vel å stenge akutten her i Lærdal under slike vertilhøve er hårreisande, seier Sanden.

Han meiner å stenge akuttmottaket på denne måten, skulde på sjukmeldingar handlar om manglande kompetanse hjå leiinga.
- Her snublar dei grovt fyrste dagen dei skal setje i gang den nye ordninga, eg meiner både administrasjonen og styreleiar i helseføretaket bør ha rimeleg flau smak i munnen, seier Sanden. Han har og opplysningar om at det har vore "hol" i den nye turnusen lenge, noko dei ansvarlege burde visst om. Etter det Porten.no kjenner til har dei tilsette ved medisink avdeling heller ikkje fått opplæring i å ta vakter på OVOP avdelinga.

Ein harm ordførar er klar klinkande klar på at viss det er slik usikkerheit kring denne tenesta, så aktar han å ta problema direkte opp med helsedepartementet.

Arroganse
Ordføraren i Lærdal er og mektig lei det han kallar arroganse frå Helse Førde si side.
-Ikkje minst gjeld dette styreleiar. Me må jo stadig påpeika og presisere ulike ting kring sjukehuset vårt. Det virkar nesten som leiinga i helseføretaket trur me gjer dette moro skuld, men det er jo ikkje difor. Eg meiner dei bør ta oss litt meir på alvor, seier ein nokså forbanna ordførar i Lærdal, Arne Sanden.

• Les saka på Porten ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar