tirsdag 9. mars 2010

Fordel for Luster


NRK SOGN OG FJORDANE – Det vil vere ein fordel for Luster dersom eit framtidig lokalmedisinsk senter i Indre Sogn blir lagt til Sogndal.

Det meiner ordførar i Luster, Torodd Urnes.

I går skapte det sterke reaksjoner i Årdal og Lærdal at Helse Førde vil vurdere flytting av lokalmedisinsk senter til Sogndal.
– For reiseavstandane på nordsida av fjorden, vil dette alternativet vere det beste, seier Urnes.

HØYR: Lokalmedisinsk senter i Sogndal
LES: - Eg er fortørna over forslaget

Kan bli flytta innan tre år
Forslaget frå Helse Førde er at senteret vert flytta til Sogndal innan 2013.

I går sa styreleiar Clara Øberg at det er reaksjonane frå kommunane som vil bli avgjerande for kva ein landar ned på.

Sogndal-ordførar vil ha politisk debatt
I Sogndal er ordførar jarle Aarvoll forsiktig med å uttale seg. Uansett kor lyst han måtte ha på eit hundretals nye arbeidplassar, veit han samstundes at han då vil ta dei frå ein nabokommune.

– Det er viktig å engasjere heile det lokalpolitiske miljøet i ei så breid og samansett sak, seier Aarvoll
– På noverande tidspunkt kan eg difor ikkje uttale meg om me ynskjer at eit medisinsk senter skal liggje i Lærdal eller i Sogndal, legg Sogndal-ordføraren til.

- Må ligge i Lærdal
I Leikanger er ordførar Olav Lunden, krystallklar på at ein må halde på dagens plassering og at eit lokalmedisinsk senter må ligge i Lærdal.

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen ville i går ikkje la seg intervjue om saka.
Ho seier i ein kommentar via pressesjefen at ho tok det for gitt at presentasjonen ho var til stades på fredag gjalt eventuelle funksjonsendringar på sjukehusa i Lærdal, Eid og Førde.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar