fredag 12. mars 2010

Luftambulansen gjev tapt i 3 av 20 oppdrag


NRK SOGN OG FJORDANE Torstein Fure fekk ikkje luftambulanse då faren fekk slag. Redninga var Nordfjord Sjukehus.

- At me hadde lokalsjukehuset var heilt avgjerande for resultatet. Det er eg heilt sikker på. Elles hadde han ikkje vore oppegåande no.

Kunne ikkje letta på vanleg haustdag
Torstein Fure tenkjer tilbake på november i fjor då far hans Håkon Fure fekk hjerneslag. Då dei kontakta AMK fekk dei beskjed om at det var for dårlege forhold til å sende ut ambulansehelikopteret.

Tida var dyrebar og løysinga vart å sende faren med ambulansebil til Nordfjord sjukehus.

- Mor mi ringde og sa at far min var vorten akutt sjuk. Eg heiv meg i bilen og såg det var klar sikt til Stadtlandet. Dette var ein vanleg haustkveld. Etter nokre minuttar ringde 113 tilbake, og eg vart sett over til legen i ambulansehelikopteret. Han sa det ikkje var forhold til å flyge helikopter denne kvelden. Over fjella og nordover var det for mykje turbulens, så det ville ta lengre tid med helikopter enn ambulansebil.

Vart ståande 151 gonger i 2008
Statistikk frå Norsk Luftambulanse viser at helikopteret i Førde ikkje kunne brukast i 133 av totalt 805 henvendingar frå AMK i 2007.

I 2008 var talet 151, i 2009 var talet 98. Variasjonane skuldast i fylgje Norsk Luftambulanse vertilhøva år for år.

Pilot i Norsk Luftambulanse, Bent Næss, er ein av dei som har ansvaret for å flyge helikopteret i Førde. Han understrekar at når dei ikkje kan lette prøvar dei å ta i bruk helikopter frå andre basar i landsdelen. Også redningshelikopteret i Florø er ein ressurs i bakhand.

Torstein Fure fekk ikkje luftambulanse då faren fekk slag
- Då vil me naturleg spela på dei andre ressursane i området. Dette kan vera luftambulansane i Ålesund, Bergen eller Ål, eventuelt med vår eigen luftambulanse-bil når det er mogleg.

- Finst det tilfeller der ein ikkje kan gjera nokre av delane, og må basera seg på annan ambulansetransport til næraste sjukehus?
- Dersom luftambulansen ikkje kan nyttast av ein eller annan grunn, vil ofte tidstapet ikkje vera så stort i ganske store deler av området når vår luftambulanse køyrer legebilen i møte. Men det er klart at i nokre tilfelle vert tidstapet noko større, eller oppdraget må heilt og fullt løysast av legebil.

- Tragedie
Hovudårsaka til at helikopteret står på bakken er dårleg ver, men i overkant 30 av tilfella skuldast også at helikopteret alt er ute på oppdrag og i nokre få tilfeller er det tekniske problem som er årsaka.

Ambulansehelikopteret i Førde kan verte endå viktigare i framtida. For Helse Førde vil legge ned alt av akuttilbod ved lokalsjukehusa i fylket.

- Akuttilbodet vil jo verta rasert, så for oss er det jo ein tragedie.
Det seier fastlege Frode Hestdal, som arbeider ved legekontoret i Måløy og er kommunelege.

Verst for infarktpasientar
Hestdal seier at det særleg for slag- og infarktpasienter kan vere avgjerande å få behandling så raskt som råd. Då kan det få alvorlege følgjer om helikopteret står på bakken og det er lang veg til nærmaste sjukehus.
- For ein slagpasient kan det bety at han får vesentleg nedsett funksjon. Det kan vera at ein i visse tilfelle går frå ein resttilstand der ein fungerer veldig bra, til at ein vert meir eller mindre pleietrengande, seier Hestdal.

Torstein Fure er letta over at faren er i god betring. Han er opprørt over at Helse Førde no fjernar det som for han vart eit viktig tilbod.
- No er han på veg tilbake. Han hadde svært god oppfølging ved slageininga på Eid. Me føler at me får han tilbake steg for steg.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar