søndag 21. mars 2010

FrP: Godtek ikkje sjukehusendringar


NRK SOGN OG FJORDANE Sogn og Fjordane Frp godtek ikkje omleggingane som styret i Helse Førde planlegg.

Helseføretaket må kutte 150 millionar kroner dei neste åra og styret har gjort framlegg om å legge ned lokalsjukehusa på Eid og Lærdal. Desse skal erstattast med lokalmedisinske senter.

- Godtek ikkje
I helga samla partiet alle lokallaga til rådsmøte i Førde, der dei tok stilling til det utsende høyringsframlegget til strategiplan frå Helse Førde. Eit samla rådsdmøte samla seg om uttalen der partiet går for eit sentralsjukehus og to lokalsjukehus, på Eid og i Lærdal.

- Vi godtek ikkje premissane som vert lagt til grunn i Høyringsutkastet til styringsgruppa i Helse Førde, der ein byggjer store delar av grunnlaget på Samhandlingsreforma som ikkje er vedteken i Stortinget, seier Djuvik.

Krev meir midlar
Partiet stiller seg undrande til at ei nedlegging av lokalsjukehusa er trygt for innbyggjarane. Dei krev at Regjeringa løyver dei naudsynte midlane slik at ein kan oppretthalde lokalsjukehusa med fødeavdeling og akuttberedskap.

- Vi godtek ikkje premissane for at innhaldet i "Lokalmedisinske senter" kvalifiserer til å vere eit lokalsjukehus, seier Djuvik.

Raudgrøne får skulda
I uttalen går partiet i strupen på dei raudgrøne regjeringspartia som styrer både sentralt og regionalt, i tillegg til at dei sit med styrerepresentantane i helseføretaka.

- Desse partia har lova å oppretthalde sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane, men har over fleire år bevisst arbeidd for å redusere tilbodet. Det er berre gjennom ei kraftig auke av midlane frå regjeringa at det vil vere mogeleg å oppretthalde eit trygt helsetilbod for innbyggjarane, seier Djuvik.

• Les saka på NRK Sogn og Fjordane ved å klikke her eller på overskrifta

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar